Hopp til innhold

Måløydagane skaut gullfuglen

Grand Prix-vinnar Alexander Rybak skal opptre i Måløy 28. juni.

Alexander Rybak vant Eurovision Song Contest i Moskva i 2009.
Foto: Sergey Ponomarev / AP

Jubelen stod i mange norske tak då det var klart at det norske bidraget i Moskva reinska bordet for poeng.

Og i ein heim i Måløy var jubelen ekstra høglydt. For der sat teknisk arrangør i Måløydagane, Roy Aron Myklebust, og visste at dei hadde sikra seg Rybak til Måløydagane.

- Vi gambla litt på Rybak

- Vi var veldig, veldig nøgde då stemmene var opptalde. Vi har gambla litt på Alexander Rybak, vi var tidleg ute med å huke tak i han. Det var før han hadde gjort noko som helst, ikkje ein gong på heimebane. Det var i januar/februar vi sat og planla programmet for Måløydagane.

- Kunne bli noko stort

- Alexander Rybak var eitt av namna som dukka opp, det var ein av oss som hadde høyrt sangen han skulle delta med i den norske finalen, og vi vart samde om at dette hadde vi trua på kunne bli noko stort.

- Difor fekk vi booka han til arrangementet før vi eigentleg visste kor dette bar hen.

.- Nase for suksess, kan vi vel seie?

- Mykje flaks

- Ja, vi vil gjerne skryte det på oss no, sjølvsagt. Det er nok mykje flaks, men vi syntest det var ein veldig fengande låt.

- Er det fare for at han blir dyrare etter det som skjedde i Moskva?

- Nei vi har kontraktsfesta prisen, så det trur eg ikkje blir aktuelt.

- Og no blir han vel hovudtrekkplasteret?

Avslutningskonsert

- Ja, vi må nok forstørre opp bileta vi har av han. Han skal saman med Frikarane ha avslutningskonserten på Måløydagane søndag 28. juni, så vi har store forventningar til den.