NRK Meny
Normal

Måløybrua får 30 år lengre levetid

Måløybrua skal rehabiliterast for 80 millionar kroner. Arbeidet skal forlenge levetida til brua med 30 år.

Måløybrua

SKAL RUSTAST OPP: Måløybrua er over 40 år gamal. Frå 2018 skal Statens vegvesen ruste opp brua.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Vi startar opp våren 2018. Arbeidet vil halde fram i fire sommarsesongar fram til 2021, seier prosjektleiar Jorunn Hillestad Sekse.

Hillestad Sekse seier arbeidet vil få minimale konsekvensar for dei vegfarande på den 1.224 meter lange brua.

– I utgangspunktet skal brua vere open for trafikk heile tida, men det kan vere at vi i periodar må ha lysregulering for å ta unna arbeid, seier ho.

Måløybrua koplar Måløy saman med resten av Vågsøy, og var landets lengste bru då den vart opna i 1974.

Betong ramlar ned frå brua

I fleire år har det vore nedfall av betongbitar frå brua. Det gjer at salt og vatn lettare kan trenge inn i brukonstruksjonen. Armeringsstålet har byrja å ruste, og det er difor nødvendig med arbeid.

– Betongen under brua skallar av og ramlar ned, så vi skal sikre at armringen ikkje rustar lengre. Det er for å sikre ei lengre levetid på kring 30 år. Problemet ville blitt verre dersom ikkje noko blir gjort no, seier Hillestad Sekse.

Arbeidet kan stogge opp i periodar vinterstid. Vind og låge temperaturar gjer det vanskeleg å drive med betongstøying.

I slutten av februar inviterer Statens vegvesen vågsøyværingane til eit folkemøte for å fortelje om arbeidet med brua.