NRK Meny
Normal

Måløy-verksemd kjøper selskap frå Telenor

Videokonferanseselskapet Videonor kjøper entreprenørverksemd frå Telenor.

Øyvind Reed og Ingrid Ødegaard

SAMLAR KREFTER: Selskapa til Øyvind Reed og Ingrid Ødegaard er spreidde over sju lokasjonar og fire land. Videonor og appear.in er sjølve avhengige produkta dei no vil samle kreftene om for å utvikle.

Foto: Pressebilete

I ei verd med stadig meir globalisert arbeidsliv satsar dei saman for å byggje framtidas videokonferanseløysing.

– Vi har sett ein sterk vekst i bruken av videokonferanse, og trur det kjem til å auke ytterlegare framover. Tradisjonelt har verksemder investert i dyre møteromsløyingar for videokonferanse, men vi trur mykje av veksten i bruk av video no vil komme på brukarens PC og mobil, seier administrerande direktør i Videonor, Øyvind Reed, i ei pressemelding.

Videonor vart starta i 2010 i Måløy og var blant dei første i verda med å tilby skybasert videokonferanse. I dag har selskapet med 20 tilsette kundar i over 50 land.

Appear.in vart starta i 2013, som eit sommarstudent-prosjekt i Telenor. Det har til no vore heileigd av Telenor og har i dag 19 tilsette. Tenesta blir brukt til nær fem millionar samtalar i månaden i over 150 land.

– Vi trur videokonferanse om fem år vil sjå heilt annleis ut enn i dag, og vi ynskjer å drive den utviklinga, seier administrerande direktør, Ingrid Ødegaard.

Samstundes som Videonor kjøper appear.in, blir Telenor ein minoritetsaksjonær med 30 prosent av det nye selskapet.

– Vi trur at denne partnarskapen er neste steg som er naudsynt for appear.in vekst og utvikling, seier visepresident innan produkt og marknadsføring, Svein Henning Kirkeng.

Selskapa skal no flytte inn i nye, felles lokale på Tjuvholmen i Oslo.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.