Hopp til innhold

Måløy var ei slagmark med 138 falne

Den 27. desember 1941 gjekk allierte styrkar til åtak på den tyske okkupasjonsmakta i Måløy og Vågsøy - i ettertid er dette kalla Måløyraidet. Det resulterte i store tap av menneskeliv på begge sider.

Måløy i brann etter Måløyraidet

Fleire bygningar i brann i Måløy 27. desember 1941.

Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Det offisielle namnet på aksjonen var operasjon Archery. Den britiske kryssaren "Kenya", fire jagarar, to transportskip og ein ubåt nådde land i grålysinga. Samstundes var 47 allierte fly på vengene for å bombe dei tyske kystbatteria.

LES OM Måløyraidet I FYLKESLEKSIKONET.

Tyskarane vart tekne på senga

Åtaket kom som lyn frå klar himmel på tyskarane. I alt 576 allierte kommandosoldatar, av desse 33 norske, vart sette i land. Mellom desse var kaptein Martin Linge og løytnant Harald Risnes frå Hyllestad.

Målet var å nedkjempe den tyske garnisonen i Måløy, øydeleggje industrianlegg og senke tyske handelsskip. Og i starten gjekk alt etter planen. Dei 122 tyske soldatane i Måløy vart tekne på senga, men etter kvart ytte dei hard motstand.

138 menneskeliv gjekk tapt

Det førde til store tap på begge sider. Krigshistorikaren Kjell-Ragnar Berge har kome til at i alt 138 soldatar vart drepne i Måløy denne dagen for 70 år sidan.

(Artikkelen held fram under biletet).

Lingemonumentet i Måløy

Lingemonumentet der Martin Linge fall.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Av dette var 52 på alliert side, og kaptein Martin Linge var ein av dei. I Måløy er det reist eit minnesmerke til minne om han. Han vart treft av ei tysk kule på det som då var trappa til Ulvesunds Hotell .

Berre ein sivilperson omkom

Med så omfattande kampar over så lang tid - det varde i seks timar - så er det nesten ufatteleg at berre ein sivilperson miste livet. Det var fyrassistent Ragnvald Torheim som vart drepen av splintar etter bombing.

Då dei allierte styrkane trekte seg ut i 15-tida tok dei med seg 98 tyskarar som krigsfangar, i tillegg vart fire norske NS-medlemmer tekne med, og 77 frivillige valde å bli med på turen over Nordsjøen.

(Artikkelen held fram under biletet).

Måløyraidet med hakekorsflagg som trofé

Allierte soldatar med eit trofé frå raidet - eit tysk hakekorsflagg.

Foto: Ukjend

Tyskarane måtte og tole tap av skipstonnasje. I alt åtte skip vart senka denne dagen.

Raidet var ein alliert suksess

I ettertid vart Måløyraidet hylla i britisk presse, og krigshistorikar Kjell-Ragnar Berge er ikkje i tvil om at raidet var ein suksess, ikkje minst styrkte det kampmoralen.

Ein annan effekt var at tyskarane forsterka kystforsvaret på Vestlandet, og mange krigshistorikarar meiner Hitler på grunn av åtaket heldt store styrker i Norge, og at det dermed vart færre soldatar på dei frontane der krigen vart avgjort.

Markering i Måløy

Fredag 16. desember skal 70-årsminnet markerast med ei tilstelling i Måløy. Dit kjem m.a. forsvarssjef Harald Sunde og ein militærattasjé frå den britiske ambassaden. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes blir og med.

Minnesmerke over Måløyraidet

Monumentet som er reist til minne om Måløyraidet.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Kjelder: Artikkelen "70 år sidan Måløyraidet" i Kjelda, skriven av Kjell-Ragnar Berge, og Fylkesleksikonet.