Etter at Global Fish trekte seg som hovudaksjonær i januar, har det vore jobba med eigarstrukturen i selskapet.
Måløy Seafood har i dag ein aksjekapital på ti millionar, og for å sikre framtida treng dei å styrke denne med fire millionar kroner.
– Viktig
– Desse millionane vil vere svært viktige for framtida, seier Roger B. Silden, som er ordførar i Vågsøy og styreleiar i Måløy Seafood.
Som resultat av dårlege tider i fiskeindustrien, trekte hovudaksjonær Global Fish seg ut i januar. Idag er Roger B. Silden saman med fiskebåtreiar Birger Hjønnevåg frå Solund dei nye kontrollørane i selskapet med 54 prosent av aksjane.
Vil selje
Etter det NRK kjenner til, har aksjonærane blant dei tilsette, inkludert dagleg leiar Asbjørn Nordbø, planar om å selje sine aksjar, og det same kan vere aktuelt for Florø-aksjonærane Magne Madsen og Tore Hillersøy.
Så før generalforsamlinga i Måløy fredag blir det jobba med å finne sterke aksjonærar som kan sikre framtida for tretti sesongarbeidarar på mottaket for sild og makrell.