Dette er ein av eigenskapene som gjer at Måløy blir hovudhamn for den store seglskuteregattaen Tall Ships Race. For når Hjelle har sett seg eit mål, kan det fortone seg som stiv kuling for dei som stiller seg i vegen.
Han har i mange år stått i spissen for Måløydagane, og har mange kjende personar på lista over dei han reknar som vener. Men han har ikkje berre vener, og han har og fått oppleve nederlag. Då han lanserte seg som ordførarkandidat for Høgre, enda det med at han ikkje kom inn i bystyret i Vågsøy i det heile.
Du møter Helge Hjelle i Onsdagsportrettet i samtale med Eva Westvik.