Noregs mållag har dermed fått fullt medhald i saka som vart reist mot Sandnes kommune. Sandnes har tvinga nynorskelevar til undervisning på bokmål. Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs mållag, seier dommen er overmåte viktig.
Same praksis som i Vågsøy
Den same praksisen som no er kjend ulovleg i Sandnes har og vore utøvd på to skular i Vågsøy. Frå nyttår vart elevar frå nynorsk- og bokmålsklasser slegne saman ved Raudeberg og Skavøypoll skular. Foreldra har protestert, men har ikkje fått medhald hos verken kommune eller fylkesmann, som meiner dei samansette klassene er lovlege.
- Vågsøy bør endre prkasis
Men med full siger i lagmannsretten, ventar mållaget at Vågsøy no endrar praksis.