NRK Meny
Normal

Målkalas i Sogndal

Sogndal utklassa Strømmen og vann heile 5-1. Med det styrka laget posisjonen på toppen av tabellen.

Henrik Furebotn

Henrik Furebotn har storspelt for Sogndal dei siste kampane.

Foto: Rune Fossum / NRK

Henrik Furebotn var dominant på midtbana og det er på høg tid at landslagsleiinga får augene opp for det årdølen presterer for tida.

Det var aldri nokon tvil om kvar sigeren skule hamna. Sogndal tok tak frå start og rundspelte Strømmen i lange periodar.

Med ein strålande opplagt Furebotn og ein solid Elvis rulla Sogndal opp de eine angrepet farlegare enn det andre. Even Hovland var frampå igjen, før Espen Olsen med to mål sørga for tremålsleiing til pause.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Sogndal-Strommen 5-1

SJÅ: Sogndal var overlegne mot gjestene frå Strømmen.

Svært gode

- Me var svært gode før pause. Ingen tvil om det, og de er moro å spela fotball når det fungerer som i dag, seier dagens mann, Henrik Furebotn.

Sjølv vil han ikkje høyra snakk om landslagsspel. Men det 24-åringen gjer på fotballbana for tida, er det svært få som gjer han etter i norsk toppfotball. Med eit driv og løpskapasitet av sjeldant merke er han av uvurderleg betydning for Sogndal. Dessutan var han farleg frampå med skotfoten ved fleire høve mot Strømmen.

- Eg føler meg frisk og fin. Fotball er gøy for tida, smiler Furebotn.

Stortrivst

Også Espen Olsen stortrivst i sogndaldrakta. To mål og ein stadig trussel i spann med superveteran Håvard Flo gjer han til toppscorar med ni mål så langt.

- Espen er utruleg viktig for oss, også utanfor bana. Og han finn seg godt til rette i lag med spelartypar som Ulrik og Håvard Flo, seier trenar Harald Aabrekk.

Etter kvilen var de klart for Håvard Flo som enkelt slo ballen inn etter at Furebotn skaut i stolpen. Tommy Øren fekk æra av å avslutta målfesten med sitt første mål på Fosshaugane sidan 2005. 5-1 og tabelltopp gjer at fotballfeberen stig i Sogndal.

Medgangsbølgje

Hausten kan bli ein ”rysare” med kvartfinale og kamp om opprykk. Sogndal siglar på ei kraftig medgangsbølgje for tida.

- Det viktigaste for oss no er å ha fokus på prestasjonen. Spelarane er flinke til dette og ser lite på tabellen. Eg trur me skal slå godt frå oss også i tida som kjem. Mot Strømmen i dag var særleg første omgang av svært godt merke, meiner Harald Aabrekk.

Når så Fredrikstad og Ranheim begge måtte avgje poeng, betyr det at Sogndal trygga leiinga i toppen av Adeccoligaen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.