Hopp til innhold

Målkalas i Sogndal

Endeleg losna det for Sogndal og Espen Olsen. Det som kunne verka som måltørke, vart brått endra til målfest mot Tromsdalen.

Video Sogndal - Tromsdalen, høgdepunkt

Sogndalspissen sine to kjappe mål i starten av andre omgang sette fart i kampen. I slutten av førsteomgang brende same Olsen to enorme sjansar, men lot ikkje det gå inn på seg.

- Det er ein av styrkene mine som forballspelar. Slikt prellar av på meg, seier Olsen som først fyrte av eit lurt skot få langt hald. Deretter utnytta han ein grov forsvarsfeil og la på til 3-0.

5-0 var ikkje eitt mål for mykje, og i periodar varta Sogndal opp med variert og svært så godt angrepsspel.

Ikkje sidan 5-0 sigeren over Odd Grenland i 2003 har Sogndal vunne så klart heime på Fosshaugane.

Losna skikkeleg

Ole Jørgen Halvorsen sende heimelaget i føringa frå straffemerket i første omgang. Så slo Espen Olsen til med sine to kjappe, og begge fine mål. Det losna skikkeleg for Sogndal etter dette, og Tromsdalen vart i peirodar rundspelt.

- Joakim Rudolfsen brukar ofte utrykket "sexy fotball" og målet hans var i høgste grad sexy, sa ein blid Olsen om spissmakkeren frå Mo si 5-0-skåring.

Iskald avslutning av nykommar

Per Egil Flo skrudde ballen i mål på hjørnespark, før nykomar Joakim Rudolfsen avslutta med 5-0. Dette var Rudolfsen sin første opptreden på Fosshaugane etter overgangen frå Mo i vinter, og han legg ikkje skjul på at den frekke og vakkert utførte skåringa gjorde godt.

- Det var befriande. No har eg vist publikum kva eg kan, seier spelaren som har slete med ei rekke belastningsskader etter at han kom til Sogndal. Framleis har han eit stykke att før han er i skikkeleg kampform, men han er på veg.

- Eg har nok vore litt for ivrig og pøst på med meir trening enn eg tålte, seier han.

Valsvik debuterte

Når så 17-åringen Gustav Valsvik fekk sin debut mot slutten av kampen, og ein anna 17-åring, Ørjan Hopen spela siste halvtimen, vart det ein jubeldag for Sogndal på mange måtar.

Trenar Harald Aabrekk byrjar å få skikkleg fasong på laget sitt, sjølv om det enno er periodar i kampen der spelet låser seg litt. Mot Lyn på Bislet komande tysdag får vi svaret på om Sogndal vil bita seg fast i toppen av Adeccoligaen.

- Vi vann for Kåre

Kampen vart og ei verdig minnemarkering for Kåre L. Navarsete som døydde fredag. Hans betydning for sogndalsfotballen gjennom fleire tiår var stor. Fem mål og god fotball passa i så måte godt.

- Dette var for Kåre. Han har vore utruleg viktig for meg personleg og for fotballen i Sogndal, sa ein sterkt prega Harald Aabrekk etter kampslutt.

Han kom sjølv til Sogndal som ung spelar på 70-talet, og var svært knytt til kjøpmannen og fotballformannen Navarsete.

- Måten han tok seg av meg og andre unge spelarar på er det umogleg å verdsetje nok, seier Aabrekk.