Hopp til innhold

Malin har lyst til å vise alpakka frå Lærdal i «Dyrevenn» på NRK Super

I kveld benkar mange dyrekjære barn (og ein del vaksne) seg framfor tv-en. For no er Malin Hovland Hellebø frå Lærdal klar med ein ny sesong av den populære serien «Dyrevenn».

Dyrevenn - Malin Hovland Hellebø (t.h.)

MED TENGEL OG EDDERKOPP: Malin Hovland Hellebø saman med Tengel, som er hovudpersonen i 'Dyrevenn'. Han likar ikkje edderkoppar, men Malin viser han ein av dei største edderkoppane som finst.

Foto: NRK

24-åringen debuterte som programleiar i serien den 1. september, og ho kan notere seg for stor suksess i sin første sesong. «Dyrevenn» har fått auka oppslutnad i aldersgruppa åtte til tolv år, og særleg er det aukande oppslutnad blant gutane.

– Det er stor stas at stadig fleire ser på. Vi har jobba mykje for å få fleire gutar til å sjå på, og det er kjempefint at vi har lukkast med det.

Malin Hovland Hellebø er frå Lærdalsøyri og er eigentleg musikklærar, og ho spelar bassgitar. Ho har alltid likt å opptre, og når ho i tillegg er glad i dyr var det midt i blinken då NRK søkte etter programleiar for «Dyrevenn», fortel ho.

– Då eg kom på audition spelte eg luftbassgitar, og eg trur det slo bra an. Eg likar godt å opptre, både med instrument, med sang og teater. Det får eg god bruk for i «Dyrevenn».

Musikklærar og bassist

Ho var ferdig utdanna musikklærar i 2012, men har enno ikkje praktisert yrket. Fram til ho tok til i NRK var ho med i teatergruppa «Kast masken». Ho bur i Bergen og fekk sjansen då produksjonen av den populære barneserien vart flytta frå Tromsø til Bergen.

Her er eit klipp frå eitt av programma. Her fortel Malin korleis ein slange kan få i seg eit bytte som ser ut til å vere altfor stort:

Dyrevenn på NRK Super viser korleis ein liten slange kan sluka eit svær rotte.

Å vere programleiar i barne-tv er ikkje noko ein er i særleg mange år, men Malin har ikkje tenkt så mykje på kva ho skal gjere når den dagen kjem at engasjementet er over, om ho skal satse på ein vidare tv-karriere.

– Akkurat no kosar eg meg veldig i denne jobben, eg har valt å ikkje tenke så mykje på det enno. Men det hadde absolutt vore kjekt å få drive meir med tv.

For ho har hatt mange kjekke opplevingar med barn og dyr.

– Det er så utruleg interessant og artig å sjå kor stor variasjon det er. Å få møte barn og dyr på den måten vi har gjort er heilt topp. Og det er godt motteke av både barn og vaksne, og det set vi stor pris på.

Vil besøke alpakka i Lærdal

Til no har opptaka til «Dyrevenn» stort sett vore i Bergen, det lengste Malin har vore og henta stoff er til Voss. Men ho håpar at dei kan få reise andre stader også, og ho har ein liten draum om å få gjere opptak i Lærdal.

– Eg er ein veldig fan av alpakka, og eg veit at det er slike heime i Lærdal. Så eg kryssar fingar for at eg kan få reise på besøk til dei i tida mi i «Dyrevenn».

– Og det går fint å vere programleiar på tv med lærdalsdialekt?

– Absolutt. Det hender at eg må snakke litt saktare enn eg pleier å gjere. Men eg trur det går bra, og ungane forstår meg.

I episoden som blir send i kveld er Malin på hundeutstilling med ei jente som heiter Pernille og ein hund som heiter Sara. I tillegg skal vi få sjå korleis ein slange kan få i seg eit dyr som ein skulle tru var altfor stort.

«Dyrevenn» går på NRK Super klokka 19.00 i kveld (onsdag).