Hopp til innhold

Malin (18) vert kalla hjernedaud - grovt hetsa for Bieber-kjøp

STRYN (NRK): Då det vart kjend at Malin Sørensen (18) hadde brukt 51 000 kroner på Bieber-billettar starta kommentarfelta å koke.

Vert hetsa for pengebruken

BIEBER PÅ VEGGEN: Ho har over 150 plakatar med Bieber, men berre sju heng på veggen etter at ho pussa opp i sommar.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

– No unngår eg kommentarfelta, for eg må innrømme at eg bryr meg om kva folk tykkjer. Men eg veit at dei fleste norske beliebers støttar meg, seier Malin Sørensen.

Tidlegare i kveld skreiv NRK om 18 år gamle Malin, som har brukt 51 000 kroner på tre VIP-billettar til Bieber-konsertane i Oslo og Stockholm neste år.

Etter at billett-kjøpet vart kjent i sosiale medium, har jenta frå Stryn vorten kritisert for å bruke altfor mykje pengar, og for å vere hjernedød og bortskjemd. Det avviser ho.

– Eg er ikkje bortskjemd, og familien min har ikkje hatt spesielt god råd før vi vann i Joker. Bieber betyr alt for meg, og eg trur ikkje andre folk kan forstå det, seier ho.

Har samla avisutklipp

AVISUTKLIPP: Sørensen tek vare på alt ho les om den kanadiske superstjerna, og karakteriserer seg sjølv som ein stor fan.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

Kritisert på Facebook

Mor hennar Gry-Anita Sørensen vann i haust 2,7 millionar, og tok seg dermed råd til å gje døtrene Astrid (14) og Malin kvar sin VIP-billett til Biebers konsert i Stockholm 29. september neste år.

Men ein konsertbillett var ikkje nok for Malin. Når den kanadiske 21-åringen fyrst kjem til landet, ville den dedikerte belieberen ha billettar til alle konsertane hans, og kjøpte to billettar til, verdt totalt 34 080 kroner. Det har vekka reaksjonar.

– Eg vert kritisert i alle kommentarfelt, særleg der folk har delt artiklar på Facebook. Dei tykkjer eg heller burde ha brukt pengane mine på gode formål, men eg trur ikkje folk forstår at eg har tent kvar krone sjølv.

Får møte Bieber

SER FRAM TIL Å MØTE HELTEN: Snart får 18-åringen frå Stryn møte han på ekte, heile tre gonger.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

Ikkje uventa kritikk

– Eg har fast helgejobb, og tener mine eigne pengar. Eg har tent dette opp att innan sommaren, og meiner det er ei oppleving for resten av livet, seier Sørensen.

Men ho er ikkje overraska over reaksjonane etter at 730.no først melde at ho har brukt mykje pengar på superstjerna.

– Eg visste at eg bevega meg inn i eit vepsebol då eg skreiv på den norske beliebersida at eg hadde kjøpt billettane. Det tok ikkje lang tid før media ringde.

Verdt alt bråket

Sørensen trur at Bieber tenner eit sinne i mange vaksne, og at dei difor skriv stygge ting om ho og familien. Særleg på ein dansk nettstad har ho lese mykje stygt.

– Folk les ikkje heile saka, dei les overskrifta, og lagar eigne teoriar om kor pengane kjem frå. Eg trur også at nokre er misunnelege, seier 18-åringen.

Sørensen seier til NRK at Justin Bieber betyr alt for ho, og at ein lyt vere belieber for å forstå at å møte Bieber for ho er verdt akkurat so masse som billettane kosta.