Hopp til innhold

Malin (18) brukar 51.000 på Bieber-billettar

STRYN (NRK): Då mor Gry-Anita Sørensen vann i Lotto, fekk døtrene Malin (18) og Astrid (14) kvar sin Justin Bieber-billett verdt 17 040 kroner. No har Malin kjøpt to til.

Malin Sørensen (18) er ein stor Bieber-fan

BIEBER-FAMILIE: Både Malin Sørensen og søstera Astrid er belibers. Her er Malin med søsteras Bieber-figur som er over 170 cm høg.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

Det var 730.no som fyrst fortalde om Malin Sørensen frå Stryn, som har brukt mange tusen kroner på sin store helt Justin Bieber.

Mor hennar Gry-Anita Sørensen vann tidlegare i haust 2,7 millionar i Lotto, og tok seg dermed råd til å gje døtrene Astrid (14) og Malin (18) kvar sin VIP-billett til Biebers konsert i Stockholm 29. september neste år.

– Når eg vann så mykje ville eg gje døtrene mine ei oppleving for livet. Begge er veldig glade i Bieber, og då vart det naturleg med konsertbillettar, seier Gry Anita Sørensen.

VIP-billettane gjer at søstrene frå Stryn får ta selfie med stjerna, dei får gode plassar nærast scena, tilgang til loungeområde, samt plakett og laminat i avgrensa opplag.

Billett frå sist konsert

FØRRE BILLETT: Ho har ikkje fått billettane i posten enno. Her er billetten frå då Bieber spelte i Oslo i 2013.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

Ikkje fyrste gong på Bieber-konsert

Men ein konsertbillett var ikkje nok for Malin Sørensen. Når den kanadiske 21-åringen fyrst kjem til landet i september, ville ho sjå alle konsertane hans, og kjøpte to billettar til verdt totalt 34 080 kroner.

– Hadde eg brukt 34 000 på ein sydentur, er ikkje det ein like stor oppleving for meg, seier Sørensen.

Det er ikkje første gong 18-åringen har vore på Bieber-konsert. I april 2013 stod ho få meter frå scena i Telenor Arena, men tykte det var trist at ho ikkje fekk møte han på ordentleg. Difor kjøpte ho denne gongen tre VIP-billettar.

Believe

TATOVERING: På handleddet har ho ein Believe-tatovering. Believe er Malin sin favorittsong.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

Skal ramme inn selfies

Billettane inkluderer eit bilete med superstjerna. Bilda skal ho bruke som profilbilete på Facebook, og ramme inn og kopiere opp, i tilfelle noko skulle skje.

– Det hadde vore utruleg kult om han kjende meg att etter tre selfies, men eg har små forventningar. Eg håpar på ein klem, seier ho.

Ikkje mange artistar tar meir enn nokre tusenlappar for eit møte. Bieber tar 7890 kroner, men då får ein ikkje ta bilete åleine med superstjerna. Då er det ikkje sikkert at ein eingong får stå ved sidan av ham. For å vere sikra eit bilete åleine med Bieber kostar det 17 040 kroner. Ein skyhøg pris som fleire har kritisert.

Bieber over alt

BIEBER OVER ALT: Til og med skjermspararen på telefonen til Malin er eit bilete av Bieber.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

– Må få bruke pengane på kva ho vil

Sørensen har også fått kritikk i sosiale medium. Mange kan ikkje fatte at ho har brukt så mykje pengar på tre konsertar.

– Eg har jobb, og kor mange på min alder bruker ikkje pengar på tullete ting? Eg kan sjølv avgjere kva eg vil bruke pengane mine på.

Mor Gry Anita meiner også at dottera skal få bruke sin eigne pengar på kva ho vil.

– Ho har tent pengane sjølv og er over 18 år, og ho elskar verkeleg Bieber. Eg har ikkje so mykje eg skulle ha sagt, seier ho til NRK.