Hopp til innhold

Målfest i Måløy

Det er tett i toppen i 3 divisjon fotball. Før kampane laurdag låg Tornado Måløy på førsteplass med 34 poeng. Hakk i hel Årdal med 33 poeng og Førde med 32 poeng.

Med 12 - 0 siger til Tornado Måløy, forsvarar nordfjordlaget førsteplassen sin frå førre omgang. Med tap for Årdal og siger for Førde, går Førde opp på andreplass etter at fem kampar i 17. runde er spelt.

Årdal - Stryn, 2 - 3

Første omgang på Jotun stadion har vore jamn. Det har vore lite sjansar. Kvart lag hadde ein stor sjanse, utanom målet til Stryn, der Petter Hammer skåra for bortelaget etter 21 minutt.

Rett før pause fekk Årdalkeeperen raudt kort for å ha vore borti ein strynspelar. Årdal tek ut Brede Stedje Ylvisåker, og set inn Stian Karlsen. Dei må spele med 10 mann resten av kampen.Stillinga ved pause er 0 - 1 til Stryn.

Om lag 15 minutt uti andre omgang aukar Stryn forspranget, til 0 - 2. Ole Gunnar Hunderi reduserer forspranget til Stryn før han seinare i kampen utliknar med mål nummer to. Men Stryn klarar å få inn eit tredje mål, så kampen endar 2 - 3. Årdal spelte vesentleg betre i andre omgang. Men det heldt ikkje til siger.

Høyang - Kaupanger, 5 - 3

På Sletta kom første målet etter 9 minutt, når Thomas Frichsen skårar for Høyang. Etter 18 minutt får Morten Kåre Øen Eriksen raudt kort, og Høyang må spele med 10 mann. Tre minutt etterpå utliknar Ørjan Hjellhaug for Kaupanger. Høyang har hatt spelet gjennom omgangen, men rett før pause går Kaupanger opp i leiinga med eit mål av Dag Odne Hatlevoll. Målet kjem frå eit høgt innlegg, men ein keepertabbe gjer at ballen går i mål.1 - 2 ved pause.

Etter 53 minutt snur Høyang kampen. Med 10 mann på bana utliknar Thomas Frichsen. Etter 70 minutt går Høyang opp i leiinga med eit mål av Edin Agovic. Thomas Frichsen aukar forspranget til Høyang etter 80 minutt. Seks minutt etter reduserer Severin Rokne for Kaupanger, men etter 90 minutt skårar Kristoffer Lønning nok eit mål for Høyang, og kampen endar 5 - 3.

Høyang var det beste laget. Med 10 mann held dei oppe trøkket. Kaupanger skårar på dei sjansane dei har, men utanom måla har dei ikkje mykje å by på.

Tornado Måløy - Florø, 12 - 0

På Måløy Stadion er det målfest for heimelaget. Første målet til Tornado Måløy kjem i 13. minutt med John Martin Gil som arkitekt. Etter 18 minutt kjem neste mål ved Eirik Rutledal. Frå det 37. minutt kjem måla på rekke og rad. Først ved Sveinung Frantzen. Etter 43 minutt ved Joachim Raknes Forthun og etter 44 minutt ved Sveinung Frantzen igjen.

Det er Tornado Måløy som har hatt føringa på kampen, medan Florø har berre hatt eit par farlege kåntringar. 5 - 0 ved pause.

Einvegskøyringa held fram etter pause. Etter 48 minutt vert florøspelaren Anders Veiebust utvist med raudt kort. I sam minuttet skårar John Martin Gil sjette målet for Tornado Måløy. Etter 50 minutt skårar Joachim Raknes Forthun. To kjappe mål rundt 60 minutt, av Sveinung Frantzen og Per Jarle Mathisen. Etter 82 minutt får John Martin Gil nettkjenning att, og på ny etter 90 minutt. Kampen endar 12 - 0 til Tornado Måløy, som med tre nye poeng held førsteplassen sin i serien.

Fjøra - Eid, 3 - 1

Det har vore ein fartsfylt og jamn 1. omgang mellom Fjøra og Eid. Eid hadde ein lobb i tverren frå ekstremt langt hald og der var nok Fjøra heldige som ikkje fekk baklengsmål. Etter dette kom Fjøra meir med i kampen og dei har skapt flest store sjansar i kampen forutan knalltreffet til Jon Eirik Myhre etter 21 minutt.1 - 0 ved pause.

Fem minutt uti andre omgang utliknar Henning Haugen for Eid, og gir bortelaget einaste målet i kampen. For etter 59 minutt går Fjøra opp i leiinga att med eit mål av Arild Underdal. Rett før kampslutt får Fjøra enda eit mål, Jens Ivar Nilsen.

Fjøra vann ein jamn kamp som hadde utruleg nerve heilt til kaptein Nilsen bestemte seg like godt for å avgjere kampen etter 90 minutt.

Førde - Vik, 7 - 0

På Førde stadion vann Førde 7 - 0 over Vik. Sander Solvik starta målkalaset for Førde med to mål etter 28 og 32 minutt. Etter 35 minutt Skårar Eirik Flatjord tredje målet for Førde, og ved pause er stillinga 3 - 0 til Førde.

Førde heldt eit høgt tempo som Vik ikkje klarar å henge med på. Vik har hatt få sjansar, og det er klasseforskjell på dei to laga.

I andre omgang held Førde fram presset mot Vik. Etter 46 minutt scorar Thor Erik Nygård for Førde. To minutt etter er det Eirik Flatjord som får nettkjenning for Førde, og Kim Tangedal skårar dei to siste måla for Førde etter 72 og 90 minutt.

I andre omgang er Vik enda dårlegare enn i første omgang. Sognelaget har i løpet av kampen hatt ein einaste målsjanse, utan å klare å gjere noko ut av han.

Tabellen når ein kamp står att

Tornado Måløy, 37 poeng
Førde, 35 poeng
Årdal, 33 poeng
Stryn, 33 poeng,
Sogndal2, 29 poeng, 16 kampar
Høyang, 25 poeng
Eid, 22 poeng
Fjøra, 17 poeng
Jølster 17 poeng, 16 kampar
Florø, 14 poeng
Kaupanger, 12 poeng
Vik, 11 poeng