Hopp til innhold

Målet er å opne hotellet til sommaren

No skal det satsast på lokal mat, lokal kunst og lokal litteratur ved hotella ekteparet Marianne og Halstein Sjølie har kjøpt i Sogn.

Marianne og Halstein Sjølie

NYE EIGARAR: Marianne og Halgeir Sjølie får gode skussmål etter at dei overtok Morgedal Hotell i Telemark. No har dei kjøpt tre hotell i Sogn.

Foto: Ingebjørg Bøe / Telemarksavisa

– Vi er glade i gamle bygningar, kultur og kunst, seier Halstein Sjølie

Det er svaret på spørsmålet om kva som er motivasjonen for å kjøpe Hotel Mundal i Fjærland, Tørvis Hotel i Marifjøra og Nigardsbreen Gjesteheim i Jostedalen frå investor Ola Moe.

Kor mykje ekteparet har betalt for kjøpet ønskjer han ikkje å kommentere.

Mykje å gjere i Fjærland

Største utfordringa for ekteparet frå Moss er Hotel Mundal i Fjærland som har vore stengt i 2018 på grunn av oppussingsarbeid. Hotellet er prega av tidas tann og manglande vedlikehald.

– Målet er å få sett i stand første etasje og romfløya med tårnet til sommaren slik at vi kan opne hotellet til sesongen. Men det er mange brikker som må på plass. Det er eit omfattande arbeid som må gjerast med hotellet og førebels har vi ikkje full oversikt, seier Sjølie.

På inntektstoppen

Sjølv er han advokat og partnar i Advokathuset Liljedahl DA i Moss. Kona er dagleg leiar i familiens holdingselskap, Exodus Holding A/S. Sjølie er og styreleiar i Østfoldmuseene og engasjert i lokalpolitikken for KrF. Han har og vore stortingsrepresentant for KrF i Østfold ein periode.

Ekteparet er også å finne på inntektstoppen i 2017 i Moss kommune, ifølgje E24. Halstein Sjølie står i skattelistene på femteplass med ei skattbar inntekt på 8,4 millionar kroner og ei formue på 7,4 millionar. Kona står oppført på 17.-plass med ei inntekt på 4,7 millionar kroner og ei formue på 7,7 millionar kroner.

Får skryt frå Morgedal

Gjennom familieselskapet har dei engasjert seg i fleire prosjekt, blant anna Morgedal Hotell i Telemark som dei kjøpte i 2016. Ordførar i Kviteseid kommune, Tarjei Gjelstad, er berre full av lovord om dei nye eigarane.

– Det er alltid spennane når ei viktig bedrift får nye eigarar, spesielt sidan vi har hatt utfordringar med tidlegare eigarar. Men Marianne og Halstein Sjølie har gjort ein kjempejobb. Dei har pussa opp heile hotellet og involverer seg i lokalmiljøet, seier Gjelstad.

Dette er nok som musikk i øyra til både direktør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord og Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll som i går håpa dei nye eigarane vil tenkje langsiktig og styrke merkevara som Hotel Mundal er for regionen.

Kviteseid-ordføraren seier at ekteparet si satsing på hotellet i Morgedal har bidrege til auka turisttrafikk.

– No jobbar dei med å få gang igjen den lokale skiheisen. Ifølgje det dei sjølve seier så ligg dei godt framfor budsjettet når det gjeld både inntening og besøkstal.

Lokalt særpreg

Sjølie seier at verken han eller kona vil flytte til Sogn, men at dei vil vere der mykje. I staden satsar dei på å tilsetje hotellsjefar som får ansvaret for den daglege drifta.

I tillegg ønskjer dei å bruke lokal arbeidskraft og leverandørar. Blant anna vil dei gje hotella særpreg ved å kjøpe kortreist mat frå lokale leverandørar.

– Vi kjem og til å satse på utsmykke hotella med lokal kunst og byggje bibliotek med lokal litteratur, seier Hallstein Sjølie.