Hopp til innhold

Malene (25) målte krefter mot verdas beste

Med flagget på brystet skulle Malene Blikken Haukøy delta på VM i terrengultraløp. Frå første steg kjende ho at noko ikkje stemde.

malene

HER KVALIFISERTE BLIKKEN HAUKØY SEG TIL VM: Det var under Hornindal Rundt Malene Blikken Hugøy kvalifiserte seg til VM.

Foto: Kyle Meyr

Blant dei aller beste ultraterrengløperane finn du Malene Blikken Haukøy. For første gong skulle ho måle krefter i eit verdsmeisterskap i 85 brutale kilometer og 4680 høgdemeter under VM i terrengultraløp i Portugal.

Ho seier sjølv at det er noko av det tøffaste du kan oppleve, både psykisk og fysisk. Blikken Haukøy kjende det allereie ved startstreken.

– Det gjekk ganske dårleg. Eg sleit med magen frå første steg og fekk ikkje i meg noko mat. Eg sprang og spydde om kvarandre.

Fødd og oppvasken i Høyanger likar ho det aller best bratt, og helst når ho nesten må klatre seg oppover fjellsidene, men blant fjella i Portugal sa det plutseleg stopp.

– Etter 55 kilometer var løpet køyrt. Eg måtte gi meg. Eg ville ikkje klart å komme meg i mål.

Dette er ikkje ei som gir opp med det første. Blikken Haukøy kjempa seg opp og ned 55 kilometer og 3500 høgdemeter. 30 kilometer og 1180 høgdemeter frå å fullføre noko dei fleste av oss ikkje ville drøymt om ein gong.

– Skuffelsen er stor. Og den vil eg nok bere på ei stund, men samtidig trur eg det var det einaste rette når ting gjekk som det gjekk. Ein lærar av det.

Gjengen under VM

DEN NORSKE TROPPEN: Malene Blikken Haukøy saman med den norske troppen under VM i Portugal.

Foto: PRIVAT

Brutalt for både hovud og bein

No er ho sliten. Veldig sliten.

– Dette er noko av det tøffaste ein kan vere med på trur eg. Det er brutalt for både beina og hovudet. Ein blir frykteleg utsliten. Varmen var eit problem for veldig mange. Det var godt over 30 grader i enkelte motbakkar.

Klokka 3 om natta var bussen klar for å hente ho og dei andre norske deltakarane. Klokka 5 starta løpet. Lite søvn og lite mat slit på.

– Eg skal berre slappe av. Både i dag og i morgon. Hente meg inn igjen.

Timevis kan ho springe i fjellet. Sjølv om det er hardt og brutalt, så tek ho seg tid til å nyte. Nyte utsikta. Kjenne at kroppen er i bevegelse. For det er det som driv Malene Blikken Haukøy. Dess tøffare løype, dess betre, meiner ho.

– Alt i alt var det ein stor skuffelse. Skulle ønske det var meir bratte bakkar i løpet.

Malene

OPP OG NED: Det er i bratte bakkar Malene Blikken Haukøy likar seg aller best.

Foto: PRIVAT