Vil måle monster i busskur frå Lavik til Sogndal

Trebarnsfar og kunstnar Daniel Longfellow (41) brukar dagane på å måle monster i busskur, gjennom prosjektet «Fjord Monster». Inspirasjonen fekk han frå filmen «Godzilla».

Prosjektet «Fjord Monster» tok form for nokre månadar sidan. Daniel Longfellow ville dekorere busskur fordi det var den same grå og triste klossen han såg overalt.

– Kvifor kan vi ikkje ha eit kunstprosjekt som kan skape positive tankar og eit positivt utsyn, i kontrast til det triste og grå, seier han.

Målar ein vegg om dagen

Dan Longfellow

FAMILIEFAR OG KUNSTNAR: Dan Longfellow er trebarnsfar, samstundes som han kvar dag er ute og dekorerer busskur.

Foto: Privat

Lonfellow kjem opphavleg frå Washington D.C. og budde ein periode i København før han flytta til Høyanger saman med kona i 2006.

Han har dei siste åtte åra jobba som lærar ved design- og handverkslina ved Høyanger vidaregåande skule. Lina vart nyleg lagt ned, og Longfellow måtte tenkje nytt.

Til no har kunstnaren dekorert sju busskur på strekninga frå Høyanger til Lavik. Men om han klarer å nå målet sitt skal han dekorere alle busskura frå Lavik til Sogndal.

– Det er 21 busskur frå Lavik til Høyanger, og 13 skur vidare til Balestrand. Lenger har eg ikkje talt, men vi får håpe det ikkje er altfor mange, seier han og ler.

Kunstnaren brukte lang tid på å finne ut kva han skulle dekorere skura med, men lét seg til slutt inspirere av eit monster.

– Eg kunne ikkje måle landskapsmotiv sidan vi står midt i det eg vil kalle ein nasjonalpark. Men så såg eg den siste Godzilla-filmen og tenkte at det måtte bli monster, fortel Longfellow.

Kunstnaren har fått løyve frå Statens vegvesen, og han ingen planar om å gje seg med det fyrste.

– Planen er å måle så mykje som mogleg. Eg har måla ein vegg kvar dag sidan prosjektet byrja, utanom søndag, for då haddet dottera mi bursdag, seier han.

Vil spreie glede med monster

Longfellow vart nyleg sponsa med 10.000 kroner av Folkets hus i Høyanger, og kunstnaren seier at dette var sårt tiltrengte pengar.

– Inntil no har prosjektet berre vore sponsa av måling som eg hadde liggande rundt om i ateliere mitt, så utan bidraget hadde prosjektet stått i fare for å bli urealistisk, seier han.

– Eg har budsjettert området frå Lavik til Høyanger til 280.000 kroner, om ein ser på måling, bensin og litt løn til meg sjølv. Men eg har søkt på ulike støtteordningar for å finansiere «Fjord Monster», seier kunstnaren.

Longfellow likar offentlege kunstprosjekt, og meiner det er viktig at kunstnarar kan bidra til å gjere omgivnadane meir positive.

– Nokre kunstnarar lagar berre museumskunst, men eg vil ha kunst som gjere folk glade. Mange kunstnarar tenkjer ikkje over dette, fortel han.

– Kunsten må vere levande

Monster i busskur

MONSTERSKUR: Eit av Longfellow sine sju monster.

Foto: Dan Longfellow

Sjølv om Longfellow brukar fleire timar og dagar på kunsten er han ikkje uroa for framtida til verka.

– Sjølvsagt håpar eg at monstera kan få bli verande, men om folk blir inspirert og vil måle over, så er det greitt. Det tyder at verda er levande, seier kunstnaren.

Longfellow vil halde fram med å male så lenge han synast det er kjekt, og har ingen planar om å gje seg.

– Det høyrast ganske tullete ut å seie at ein skal dekke heile fylket med monster, men det hadde vore artig, seier han.

Responsen på monstera har ikkje latt vente på seg. Longfellow får mykje tilbakemeldingar på Facebooksida til prosjektet, men dei viktigaste kritikarane finn han i den nærmaste familien.

– Det har vore mykje positive tilbakemeldingar, noko som får meg til å ville halde fram med målinga, seier 41-åringen.

– Den beste kritikken eg får er når vi køyrer forbi eit av monstera og dottera mi på fire år byrjar å le. Då veit eg at eg har gjort noko riktig, og då tenkjer eg at «Yes, dette var løna i dag», fortel Longfellow.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.