Hopp til innhold

Malakoff mintest dei omkomne

Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid markerte laurdag ettermiddag terrorangrepet på Utøya og i Oslo med eit minutts stille.

Minnemarkering, Malakoff Rockfestival

MANTE TIL SAMHALD: Prost Rolf Schanke Eikum og festivalsjef Arnt Ivar Naustdal.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Minnemarkering, Malakoff

ALVOR: Folk i alle aldrar er prega av tragedien.

Foto: Vegar Erstad / NRK

– Vi har opplevd den største tragedien i nyare tid. Det er meiningslaust. Vi føler medkjensle og fortviling, sa prost i Nordfjord, Rolf Schanke Eikum, til eit prega publikum.

Kriseteam på festivalen

Fleire tusen festivalgjengarar hadde samla seg framfor hovudscena til minnemarkeringa i forkant av Bjørn Eidsvåg sin konsert laurdag ettermiddag.

– Vi vil stå saman og markere solidaritet. Nokon av dykk kan få melding om at nokon av dykkar vener eller kjende er blant dei råka. Treng de snakke om de, har vi kriseteam. Ta kontakt med ei vakt. Det vil bli opa kyrkje, sa prosten som hadde følgje av festivalsjef Arnt Ivar Naustdal på scenen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Publikum under minnemarkering på Malakoff

EITT MINUTT: Eit alvorstyngd publikum markerte terrortragedien.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Spelte på Utøya

Også fredag kveld, før Bergens-bandet Datarock entra scenen, markerte festivalen tragedien på Austlandet med eitt minutts stille. Datarock spelte torsdag kveld på nettopp utøya.

– Vi vil vise at vi står saman mot alle vonde krefter, og vise medkjensle og deltaking med alle dei som er råka, med eit minutt stille, sa Rolf Schanke Eikum.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Bjørn Eidsvåg-konserten på Malakoff

RØRTE PUBLIKUM: Bjørn Eidsvåg sine tekstar sette laurdag ettermiddag ord på dei mange og uverklege kjenslene hos festivalpublikummet.

Foto: Helge Lone

Verdig Eidsvåg-konsert

Etter stilla entra ein alvorstyngd Bjørn Eidsvåg scenen som ei musikalsk verdig markering av tragedien.

Han starta konserten med songen «Evig Hvile» og den rørande førstestrofa «Ingenting blir noen gang som før. Og før kommer aldri mer igjen».

Eidsvåg avslutta konserten med «Eg ser».

– Det er ikkje vits i å seie noko anna enn at denne er dedisert til dei som vart råka av gårsdagens hendingar, sa Eidsvåg til rørt publikum på Nordfjordeid.