Malaga-ranet: Familiane kan ha blitt overvaka i fleire dagar

Familiane frå Sogndal som vart brutalt rana medan dei sov i eigen heim i den spanske feriebyen Malaga, kan ha blitt overvaka i fleire dagar før ranaren slo til. Snart to veker etter heimeranet er ingen pågripen.

Malaga

BRUTALT HEIMERAN: Det var fleire mistenkelege personar rundt huset i Malaga i dagane før ranet.

Natt til måndag 8. oktober vart to familiar frå Sogndal brutalt rana medan dei sov i eit hus i Malaga i Spania. Ein aggressiv og væpna mann braut seg inn og truga dei til å gje frå seg verdisaker.

Ein familiefar vart slegen i hovudet med våpenet og ei tenåringsjente vart dratt etter håret medan ranaren truga med å kidnappe ho. Ranaren retta eit handhalde skytevåpen mot hovuda til fleire av familiemedlemmane under dramaet.

Tre mindreårige var vitne til hendinga.

No syner nye opplysningar at ein eller fleire personar kan ha overvaka huset i dagane før heimeranet skjedde i firetida om natta.

Det stadfestar mora i sogndalsfamilien som er fast busett i Malaga, til NRK Sogn og Fjordane.

Like bilar

Fire dagar før ranet fekk ho besøk av ein mann som ikkje retta seg etter ønska hennar om å halde seg på gata, men følgde etter ho inn i huset.

To dagar før ranet vart det lagt merke til ein annan mann i ein bil i nabolaget. Oppførselen skilte seg ut og han vart lagt merke til.

Bilen skal likne den bilen som videoovervaking syner sirklar rundt huset klokka 03.38, like før heimeranaren slo til.

Kamera viser ranaren

Politiet har også sikra seg fleire bilde frå tryggleikskamera i nabolaget. Bilda viser bilskilta og ranaren både før og etter ranet. Imidlertid har bilda for låg kvalitet til at ein kan tyde nummeret.

På bilda forlèt mannen huset med ein Nike-pose i handa. I denne posen låg alt han stal frå familiane under dramaet.

Ranaren var iført ein hettegenser som var snøra hardt rundt hovudet, og ein slags genser som var trekt over munnen, ifølge familien.

Han skal ha snakka spansk, men skal ha brukt ord som kan identifiserast med ord ein brukar i Sør-Amerika.

Optimistiske

– Politiet trur framleis at dei skal ta dei som står bak. Dei seier også at Malaga ikkje har hatt denne type valdelege innbrot på fem-seks år, skriv mora i ein e-post til NRK.

I førre veke var den eine familien frå Sogndal inne til nye møter med politiet. Denne familien er no tilbake i Noreg.

Det har foreløpig ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med rett instans i det spanske politiet.

I mellomtida må familiane leve med opplevinga.

Det gjer noko med ein når slikt hender i eigen heim midt på natta. Heimlengsla blir litt sterkare, fortel mora.