NRK Meny
Normal

Mål: Å bli første laget som scorar mot Odd

Sogndal-trenar Eirik Bakke har ei målsetting i tillegg til å ta poeng mot Odd på Fosshaugane Campus.

Eirik Bakke

VIL BRYTE NULLEN TIL ODD: Trenar Eirik Bakke satsar på at Sogndal blir første laget som påfører Odd baklengsmål.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Her kan du høyre Kjell Arvid Stølen og Jon Navarsete kommentere Sogndal-Odd:

Følg kampen direkte frå indre bane på Fosshaugane

Her kan du få tekstoppdatering frå kampen:

Laster innhold, vennligst vent..

For så langt har Odd spelt fem seriekampar utan å sleppe inn eit einaste mål. Den statistikken har Bakke og spelarane hans tenkt å gjere noko med.

– Eg håpar på ein tett og jamn kamp som vi til slutt vinn. Det kan vere kjekt om det er vi som bryt den nullen.

For Sogndal har bra statistikk å slå i bordet med dei også - på heimebane. To kampar, mot Vålerenga og Haugesund, begge enda med siger 1-0.

– Burde hatt poeng i Drammen

Og i kampen laurdag mot Strømsgodset i Drammen var Sogndal nær tre poeng på bortebane då Babacar Sarr fekk sitt andre gule kort og måtte forlate bana. Det enda med at Godset vann 2-1, og det gir litt ekstra revansjelyst til sogndølene.

– Det var ein kamp der vi iallfall burde ha hatt med oss poeng. Men vi merkar at på tippeligabaner får vi ikkje alle avgjerdene med oss. Det var mange avgjerder som gjekk i Strømsgodset sitt favør, og då blir det vanskeleg å vinne fotballkampar, seier Eirik Bakke.

Det positive med kampen laurdag var at Sogndal fekk vist at dei har noko å gjere i eliteserien, og Bakke vil byggje vidare på den positive kjensla det gav.

Strømsgodset - Sogndal

UTAN ARBEIDSJERNET SARR: Sogndal-kaptein Rune Bolseth (t.v.) må få andre til å tette holet etter Babacar Sarr (t.h.), som vart utvist mot Strømsgodset.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

– Tungt å erstatte Sarr

Men han må greie seg utan arbeidsjernet Babacar Sarr mot Odd. Truleg får Sarr ein kamps karantene etter dei to gule korta mot Strømsgodset.

– Babacar Sarr er ein av dei beste spelarane i Norge i sin posisjon, så det seier seg sjølv at det blir tungt å erstatte han. Men vi har andre i troppen som kan løyse oppgåva på ein litt annan måte.

Det kan hende Bakke også må greie seg utan eit anna arbeidsjern, Ole Amund Sveen. Han fekk seg ein trykk mot Strømsgodset, og Bakke er litt usikker på om han er kampklar onsdag.

Usikker på Patronen

Ein viktig spelar som kanskje er på plass att mot Odd er midtstoppar Hannu Patronen. Men Eirik Bakke er redd for å sleppe han til for tidleg.

– Vi har kamp igjen borte mot Brann i helga, og det er cupkamp mot Førde neste torsdag, så ventar Rosenborg. Det er mange viktige kampar, og difor er det dumt om Patronen skulle bli skadd igjen. Og vi har mange gode og svoltne spelarar som brenn etter å sleppe til.

Start Odd i Kristiansand tap

TIL SI GAMLE HEIMEBANE: Ole Jørgen Halvorsen var ein populær spelar på Fosshaugane Campus. Her feirar han scoring for Odd.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

For publikum på Fosshaugane blir det gjensyn med ein tidlegare populær Sogndal-spelar. Ole Jørgen Halvorsen spelte heile kampen for Odd mot Start. Men også Odd rullerer på laget sitt, så det er ikkje sikkert han spelar frå start mot Sogndal.

Laster innhold, vennligst vent..
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.