NRK Meny
Normal

Utanlandsk makrell kan redde arbeidsplassar

Makrell frå utanlandske fiskebåtar sikrar råstofftilgangen for fiskeindustrien resten av året.

Norway Pelagic på Trollebø

JOBB: Nedgangen i kvoten for norsk vårgytande sild gjer at makrell frå utanlandske fiskebåtar er avgjerande for å halde oppe aktiviteten og ha nok arbeid for Norway Pelagic.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Den sterke kvotenedgangen for norsk vårgytande sild, NVG-silda, skaper sysselsetjingsvanskar for dei mange store anlegga som tek imot sild og makrell.
Grunna nedgang i bestanden er kvotane på denne silda redusert frå 1 million tonn til 250 tonn dei siste fem åra.

– Betydeleg større import

Denne veka kjem dei fyrste fangstane frå utanlandske båtar inn. Fabrikksjef ved Norway Pelagic i Måløy, Magnus Strand, seier importen av makrell blir spesielt viktig i haust.

– Det er veldig positivt i ein situasjon der vi har nedgang NVG-kvoten, seier han.

Av den norske makrellkvoten står det framleis kring 70 tusen tonn att å fiske.
Men tilførsla av makrell frå skotske og shetlandske fiskebåtar vert svært viktig.

– Det vil vere betydeleg meir enn tilsvarande periode i fjor haust. For vår del vil det hovudsakleg vere frå Shetland, seier fabrikksjefen.

Utjamning

Den store importen gjer at fleire av dei 40 tilsette i Norway Pelagic har ein jobb å gå til, enn dei hadde hatt utan importen.

– Vi vil få ein tilnærma normal situasjon, der vi kompenserer nedgangen av NVG-sild med auka mottak og produksjon av nordsjøsild og makrell, seier Strand.

– Kva veit de om sild og makrell for neste år?

– Vi veit at det vil vere ein liten nedgang på makrell, medan det vil vere ein betydeleg nedgang på NVG-kvoten, seier han.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.