NRK Meny
Normal

Måkeskrik og dårleg inneklima stengjer ambulansestasjon for overnatting

Måker, trafikkstøy og dårleg inneklima gjer til at dei tilsette ved ambulansestasjonen i Gloppen ikkje får overnatte der lenger.

Verneteneste i Helse Førde har stengd ambulansestasjonen i Gloppen for overnatting. Det skriv Firda Tidend. Årsaka er problem med inneklima og støy frå måker og trafikk.

– Rapporten syner støy over godkjente grenseverdiar, seier avdelingsleiar Leif Magne Gil i Helse Førde.

Blir veldig varmt

Det er ikkje ventilasjonsanlegg i bygget og soverom og opphaldsrom ligg i den øvste etasjen.

– Det blir veldig varmt om sommaren. Når vindauga må vere opne for å få inn luft, blir støyen forverra.

Dei tilsette ved stasjonen får overnatte ved Gloppen hotell så lenge stasjonen er nattestengd.

Vil byggje om stasjonen

Det er kommunen som står for utleiga av stasjonen. Leiar for eigedomsavdelinga, Odd Arne Kolseth, seier dei beklagar at stasjonen er stengd for overnatting.

– Vi har sagt oss villig til å byggje om leigelokala og renovere leilegheita i andre etasje.

Han trur støyen vil bli betre med nye vindauge og eit ventilasjonsanlegg. Måkene er freda til slutten av august og vanskeleg å gjere noko med no.

– Eit strakstiltak blir å montere trådar på taket av bygget, seier han til Firda Tidend.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.