Normal

Magnus Stamnestrø ferdig i Sogndal

Han kom på utlån frå Molde i april, no er Magnus Stamnestrø (21) ferdig i Sogndal.

Magnus Stamnestrø

FERDIG I SOGNDAL: Magnus Stamnestrø er ferdig i Sogndal etter at han fredag signerte for KristiansundBK.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Turen går vidare til KristiansundBK, det skriv klubben på sine heimesider fredag kveld.

21-åringen frå Trøndelag vart henta til Molde i 2010, og i vår vart han lånt ut til seriekollegaene i Sogndal.

Den sentrale midtbanespelaren hadde då ikkje fått mykje speletid i den øvste divisjonen i Norge, men Molde ønskte at Stamnestrø skulle få kamptrening på eit høgare nivå enn i andre divisjon, der Molde 2 spelar.

Den unge midtbanespelaren vart lova at han skulle bli satsa på i saftbygda, og i løpet av årets sesong har han spelt 19 kampar for Sogndal. Berre dagar etter at han kom frå Molde vart han bytta inn i oppgjeret mellom Sogndal og Rosenborg.

Halvanna veke etter at han kom på lån til Sogndal skåra han 2-0 målet mot Molde, då hadde han berre vore på bana i 30 sekund før han punkterte kampen mot sine eigne lagkameratar. Kampen enda til slutt 2-1 til Sogndal.

Til saman har det blitt fire mål, mellom anna ei praktskåring mot Hønefoss i nest siste serierunde.

Kjetil Thorsen i KristiansundBK seier til klubben sine heimesider at dei lenge har ønska seg Stamnestrø til klubben.

Vegopning på Bergum i Førde kommune