NRK Meny
Normal

Magnhildskartunnelen er open for trafikk

Magnhildskartunnelen på fylkesveg 614 mellom Svelgen og Grov er no open att for trafikk.

Magnhildskartunnelen

MELDING OM STEIN: Vegtrafikksentralen fekk inn ei melding om at ein stein hadde losna frå tunnelveggen, men det viste seg å vere ein stor isklump.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Tunnelen er no open att.

Laster Twitter-innhold

Vegtrafikksentralen fekk inn ei melding om at stor stein hadde losna frå tunnelveggen.

– Innringaren som melde frå sa at steinen kom brått på. Steinen har truleg losna frå veggen og er truleg på over 100 kilo, seier Albert Sherington, som er trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Ved nærare undersøking var det ein isklump og ikkje ein stein. Det melder politiet på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Tunnelen mellom Flora og Bremanger kommune var heilt stengd, og det var usikkert kor lenge dette ville vare.

– Viss den har losna frå tunnelveggen, så vil det truleg ta litt tid for å sikre at det ikkje vil komme ned fleire steinar, seier Sherington.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.