Magne Furuholmen i Moods-styret

Kunstnaren Magne Furuholmen har gått inn som nytt styremedlem i Moods of Norway.

Magne Furuholmen

INN I STYRET: Magne Furuholmen er komen inn i Moods of Norway-styret

Foto: Tor Richardsen / Scanpix

Økonomisjef og styremedlem Jan Egil Flo i Moods of Norway ønskjer Furuholmen velkomen inn i styret, skriv avisa Fjordingen. Furuholmen kom inn i styret på bakgrunn av sin internasjonale erfaring og kjennskapen til mote og kunst.

Magne Furuholmen hadde ei utstilling i Studio Hugo Opdal. Studioet hadde saman med Moods of Norway samarbeidd om å drive eit galleri og klesbutikk i Flø, som ligg utanfor Ulsteinvik på Sunnmøre. Det var her Moods of Norway kom i kontakt med Furuholmen, og dei ser på han som ein ressurs for selskapet.

– Det er viktig med rett kompetanse. Internasjonalisering er eit stikkord. Vi er interesserte i personar som har vore gjennom prosessar med etablering i andre land, sier Flo til Fjordingen.

FolK: Rotnorsk glamour

DUOEN I MOODS: Peder Børresen og Simen Staalnacke i Moods of Norway

Foto: NRK