Magne (82) får sjå kona berre litt over to timar i veka – sjølv om dei bur i same bygning

FLORØ (NRK): Etter nesten 60 års samliv kan det no gå fleire dagar mellom kvar gong Magne og Hjørdis Føleide er i lag på omsorgssenteret.

Magne Føleide sit i rullestol på rommet sitt

KJENNER SEG EINSAM: Magne Føleide (82) skulle så gjerne ha vore meir i lag med kona, men bur på eige rom i etasjen over ektefellen gjennom 56 år.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Eg kan ikkje seie eg har det bra. Eg saknar Hjørdis. Det er veldig vanskeleg, seier Magne Føleide.

82-åringen sit i ein rullestol på rommet sitt på Flora omsorgssenter i Florø. Der får han godt stell frå både tilsette og pårørande, men tårene kjem fort når samtalen kjem inn på kona.

– Det er tøft og trist, det skal eg ikkje leggje skjul på, seier dotter Eli Ånnøy Føleide.

Plan for tre besøk i veka

For etter å ha vore gift og ha budd i lag i 56 år, er livet no snudd på hovudet. Kona Hjørdis er dement og treng å bli skjerma – sjølv er Magne dårleg til beins. Dei siste åra har ekteparet hatt rom i kvar sin etasje på omsorgssenteret, og det er ikkje lett å få til besøk.

Ein samværsplan legg opp til at ekteparet skal sjå kvarandre tre gongar i veka, noko som tilsvarer to timar og eitt kvarter til saman. Det er opning for meir – men dei pårørande meiner det ikkje skjer i praksis. På grunn av helsetilstanden til Hjørdis blir dessutan fleire av besøka hennar til Magne avlyste.

Magne og Hjørdis Føleide seier hadet for dagen. Dotter Marianne køyrer rullestolen hans.

KJEKT SAMVÆR: Dotter Marianne Føleide (t.v.) er saman med søstera fleire gongar i veka på besøk hos foreldra. Ekteparet Magne og Hjørdis (t.h.) lyser opp når dei får sjå kvarandre.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Vi synest dei har lite samvær i forhold til det lange ekteskapet dei har hatt, og den gleda vi ser dei har av å vere saman, seier Eli Ånnøy Føleide.

Søster Marianne Føleide følgjer opp:

– Det er ein fortvilande og ugunstig situasjon. Vi i familien ser at dei ikkje har det så bra på sine eldre dagar som vi kunne ønskt at dei hadde det. Det er vel ingen som ønskjer å ha det slik når dei blir gamle sjølv, seier ho.

Fekk avslag på søknad om meir samvær

For å komme seg på besøk til kona må Magne Føleide ned ein etasje. Det er fleire dører med kodelås og ein heis på vegen. Han klarer ikkje å ta seg fram sjølv – han må ha hjelp av familien eller dei tilsette.

Dei pårørande har difor søkt kommunen om at han skal få flytte ned ein etasje, slik at det skal bli lettare og mindre tidkrevjande for både tilsette og pårørande å hjelpe ekteparet med besøk. Slik meiner dei besøka kanskje ha blitt hyppigare og kortare. Det ville og ha blitt lettare å få Føleide ut, noko som ifølgje familien ikkje skjer for ofte. Men kommunen seier nei. Ein klage til fylkesmannen førte heller ikkje fram.

No ser dei ikkje nokon annan utveg enn å fortelje historia si.

– Det sit langt inne å gå til dette steget, men vi ser at det er naudsynt. Slike ting vil sikkert ramme fleire framover om det ikkje blir sett fokus på, seier Marianne Føleide.

Flora omsorgssenter

TO ETASJAR: Her på Flora omsorgssenter bur ekteparet Hjørdis og Magne Føleide i kvar sin etasje.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Har mange omsyn å ta

NRK har fått sjå papira i klagesaka, der det går fram at Hjørdis sine helseutfordringar ligg til grunn for dei korte samværa. Dei pårørande har ønskt å frita kommunen for teieplikta, men pleie- og omsorgssjef Ragnhild Holm ønskjer ikkje å kommentere einskildsaker i media.

Ho kjenner ikkje til at kommunen har noko grense for kor mykje samvær ekteparet kan ha, og seier det skal leggjast til rette for samvær også ut over samværsplanen. Holm er og oppteken av at dei har mange pasientar og ein heilskap å ta omsyn til.

– Eg har ingen problem med å sjå at nokon kan ha andre ønskje enn dei vi klarer å oppfylle til ei kvar tid. Men vi har 41 pasientar, og skal organisere til det beste for alle, og nokre gongar blir det løysingar som ikkje er dei ein eigentleg ønskjer, men likevel kan bli gode. Vi har god erfaring med å løyse det meste i samtale med dei det gjeld, seier Holm.

Ragnhild Holm

MANGE OMSYN: - Vi strekkjer oss så langt vi kan for at ektepar skal få så mykje samvær som råd, seier pleie- og omsorgssjef Ragnhild Holm.

Foto: SOLVEIG SVARSTAD / NRK

– Synest du dette ekteparet har eit godt nok tilbod i dag?

– Eg vil ikkje kommentere einskildsaker, men kan seie at vi strebar etter å gje dei eit så godt tilbod som råd. Om ektepar vil ha mykje samvær, så er politikken vår at vi skal strekkje oss så langt vi kan. I Flora kommune får alle ektepar og sambuarar som har behov for tenester og ønskjer bu i lag på same rom, eit tilbod om det. Dersom andre løysingar blir valde kan det vere ulike individuelle helsemessige utfordringar som må takast omsyn til. Det blir ikkje gjort før etter grundige vurderingar og samtalar med dei det gjeld, pårørande og ansvarleg lege, seier pleie- og omsorgssjefen.

Ho viser til at saka har vore handsama av Fylkesmannen, og at kommunen har retta seg etter svaret derifrå.

Vondt å ta avskil med kona

– Dette er ikkje kritikk av dei tilsette, for dei gjer ein kjempejobb. Men vi ser at det er vanskeleg for ein kommune å komme eit ektepar sine ulike behov i møte på éin og same institusjon. Det engasjerer oss – og med tanke på alle som kjem etter oss, seier Eli Ånnøy Føleide.

Magne Føleide i landskamp mot Benelux på Bislett i 1962

PÅ TOPP: Magne Føleide var i glansdagane ein av landets beste sleggekastarar, med fleire NM-medaljar og 61 landskampar for Noreg.

Foto: Ukjent

Sjølv har faren vanskar med å setje ord på den vanskelege situasjonen han meiner han er i. Det er vondt å ta avskil med kona når han har vore på besøk.

– Det er forferdeleg. Ho bur der, og eg bur her, seier Magne Føleide.