NRK Meny
Normal

Tannlegen Magne (76) har ingen planar om slutte å jobbe

Magne Dvergsdal har jobba som tannlege i 50 år, men har ikkje tenkt å pensjonere seg sjølv om han no er blitt 76 år gamal. I staden investerte han éin million kroner på ei ny maskin til kontoret i Førde.

Magne Dvergsdal

HELD STAND: Magne Dvergsdal har absolutt ingen planar om å gi seg som tannlege.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Den moderne maskina er, ifølgje tannlegen sjølv, siste skrik innan tannhelse. Der kan han hente tredimensjonale bilete av tenner, og ut frå det kan han slipe til nye kroner eller nye fyllingar. Bileta kan han også sende vidare på e-post dersom han treng å finne andre som kan hjelpe han med større prosjekt.

I ein alder av 76 år innser han at det kan høyrest litt rart ut at han brukar så mykje pengar på ei ny maskin.

– Det er kanskje litt «crazy», det er kanskje det. Men den maskina har sin verdi uansett om eg skulle slutte. Det er det som er framtida, det er ikkje snakk om anna, seier Dvergsdal.

Vand med å takle tannlegeskrekk

For 76-åringen elskar jobben sin, og har ikkje tenkt å gi seg før han må.

– Eg forstår ikkje heilt dei som pensjonerer seg og synest det er så herleg. Eg for min del ville fått litt problem om eg ikkje hadde hatt jobben å gå til, og ha pasientar i stolen og kunne prate litt med folk. Det er rett og slett ganske kjekt å jobbe, seier han.

Og det held han ved sjølv om ikkje alle pasientane set like stor pris på å bli rota rundt i munnen på. For Dvergsdal meiner at tannlegeskrekk stort sett kan handterast enkelt og greitt.

– Har du ein spesiell kontakt med pasientane, så går det utruleg bra. Eg har hatt mange med tannlegeskrekk, men det går heilt fint.

– Kan få problem med rekruttering

Magne Dvergsdal
Foto: Gro Ravnestad / NRK

Mangel på tannlegar har vore eit problem i Sogn og Fjordane i mange år. Dvergsdal er spent på korleis ein skal rekruttere tannlegar framover:

– Det har jo blitt eit kvinneyrke no, og veldig mange av dei som går på tannlegehøgskulen er eigentleg innvandrar. Det ser også ut til at dei helst vil halde seg i Oslo og Bergen og slike sentrale strøk. Så det kan godt vere vi får eit problem med å rekruttere, seier han.

Han stiller også spørsmål ved kor lenge den offentlege tannhelsetenesta vil eksistere.

– Det er nokre signal som er nokså negative. Så det kan hende det fell saman, og då begynner det å bli litt krise, det trur eg.

Åtvarar mot behandling i utlandet

Ei anna utfordring for tannlegane i Norge er at stadig fleire vel å ta behandlinga i utlandet, for å få den billigare.

Tannlegestol
Foto: Gro Ravnestad / NRK

– No er det veldig mange som reiser til Ungarn eller Polen som leverer veldig billige tannlegetenester, så ein skal ikkje sjå vekk frå at mykje vil endre seg der også, at mange vel å nytte tenestene der.

Men det er langt ifrå berre positive behandlingar ein får i utlandet, og ikkje alltid så billig som ein trur, meiner Dvergsdal.

Han hadde ein pasient som hadde vore i Polen for å få eit overslag over kva tannbehandlinga ville koste, då han hadde nokre framtenner han ikkje var nøgd med. Då Dvergsdal fekk sjå framlegget til behandling, som var på 150.000 kroner, fekk han nærast sjokk.

– Det var snakk om rotfyllingar på tenner som ikkje skulle vore rotfylt. Det var malpraksis fullstendig. Eg fekk sjokk då eg såg den saka der. For 35.000 skal du få gjort den jobben her, sa eg, og han fekk mesteparten dekka av Helfo. Han betalte kring 15.000 kroner i staden for 150.000. Så det er ikkje berre berre å reise til utlandet. Ein skal nesten vere utdanna tannlege for å vite kva ein får.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.