NRK Meny
Normal

Artistar og publikum snakkar om magisk festivalstemning - Utkant 2014 i gang i Gulen

Stemninga var heilt magisk då Utkant-festivalen på Skjerjehamn i Gulen for alvor sparka i gong i går kveld. Fleire tusen har funne vegen til den vesle holmen for å oppleve festivalmagien.

– Nei, dette er berre heilt rått. Vêret og stemninga er heilt topp, seier festivalsjef Viggo Randal til NRK.

Han har gått rundt på festivalområdet og kunne natt til fredag rapportere om berre blide fjes og stor stemning.

Eit av banda som stod på hovudscena torsdag kveld, var Violet Road frå Tromsø. Dei var til dei grader nøgde med å bli booka til det som må vere ein av landets vakraste festivalar.

– Ein av privilegiene med ein slik jobb er å kome til slike fantastiske plassar. Stader ein normalt sett ikkje ville drege innom. Men dette her er det drøyaste eg nokon gong eg har vore med på. Den utsikta og havlukta, og vi tok eit bad her tidlegare. Det er rett og slett heilt ubeskriveleg, fortel bandmedlem Halvard Rundberg til NRK.

Festivalen held fram heile helga, og arrangøren ventar ny publikumrekord - iallefall om vêret held seg så bra som det var torsdag.

PS! Er du på Utkant 2014 og legg ut bilete på Instagram? Bruk veldig gjerne emnemerket #nrksf - så kan vi bruke bileta du har teke på festivalen her på nrk.no!

Violet Road

STORNØGD: Violet Road kom direkte frå VG-lista-show i Tromsø til Skjerjehamn i Gulen og Utkant 2014.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå