Hopp til innhold

Magisk stemning då Sir Bob entra scena i havgapet

Kveldssola kikka fram og skapte ei flott ramme rundt den første festivalkvelden i Skjerjehamn. Superstjerna Bob Geldof og 3000 i amfiet fann varmen hos kvarandre.

Bob Geldof på Utkant 2015

STOR KJENDIS: Bob Geldof sørga for å setje stemninga for årets utgåve av Utkantfestivalen i Skjerjehamn i Gulen.

Foto: Gøril Sætre

– Utkant! Norway! It´s freezing here. Samanlikna med dette så er jo Irland eit tropisk paradis, sa ein spøkefull Bob Geldof frå scena på Utkantfestivalen.

Den verdskjende aktivisten og musikaren er utan tvil den mest kjende artisten som har vitja festivalen, og drog til med ein 90 minuttar lang konsert i kveldssola.

– Alt har gått som det skulle. Det einaste negative eg kan seie, var at det var ein liten regnskur i dag tidleg, slår festivalsjef Viggo Randal fast.

Den norske countrymusikaren Ida Jenshus fekk æra av å varme opp publikum før Bob Geldof kom på, og ho var svært nøgd med opplevinga på holmen ytst i Gulen.

– For ein nydeleg stad, eg skulle ønskje eg kunne blitt her og fått med meg alle konsertane, sa ei svært nøgd Ida Jenshus til publikum.

Publikum på Utkant 2015
Foto: Gøril Sætre

Ei rekkje kjende, og mindre kjende artistar vil fylle dei ulike scenene i Skjerjehamn fram til søndag. Mellom anna Beth Hart, Marit Larsen, Kvelartak, Sondre Lerche og Dum Dum Boys.

PS! Bob Geldof, som mellom anna tok initiativet til Live Aid i 1985, vert ofte omtala som Sir Bob. Men offisielt sett så har han ikkje lov å bruke denne tittelen, sjølv Dronning Elisabeth II utnemnde han til Honorary Knight Commander av Order of the British Empire i 1987. Årsak: Han er irsk og ikkje adeleg...

Men det hindra på ingen måte 3000 publikummerar i Skjerjehamn å synge med full hals då han avslutta kvelden på Utkant med «I dont like mondays». Hans største hit utanom «Do they know it´s christmas»