Hopp til innhold

Maggio spelte for utselde Meieriet

Veronica Maggio spelte sin fyrste konsert i Sogndal i går kveld. Meieriet var eit perfekt lokale, ifølgje ho sjølv.

– Eg elskar å opptre i små lokale der det er varmt og sveitt, stråla den svenske artisten etter konserten.

Topp stemning

Publikummet var heilt i hundre allereie før Veronica Maggio kom på scena. Diskusjonar om kva slags song som kom til å verte spelt fyrst var mange, og då ho entra scena vart ho møtt av høgt jubelrop frå alle på Meieriet.

”Gick omkring i ditt kvarter tills det blev för kallt, tänkte ut en dialog mellan oss och alt”, song ho på fyrste songen ”Satan i gatan”.

Men på Meieriet i Sogndal var det varme kroppar og god dialog mellom Maggio og publikum frå første tone. Eit publikum ho skryt av.

– Det var eit drygt og bra publikum. Det var kalas på ein av dei vakraste stadane i Noreg, seier Veronica Maggio.

Strålande publikum

Publikummet svara med å syngje med på songane hennar og gav eit godt omdøme om korleis folk frå Sogn og Fjordane er på konsertar. I 2010 spelte Maggio også konsert under Utkantfestivalen i Skjerjehamn .

Ida Brask Steinseth frå Guddal i Sunnfjord var eit av publikuma som var tidleg ute for å sikre seg plass heilt framme.

– Konserten var fantastisk bra, den beste eg har vore på. Ho er veldig god live og det var bra liv både på scena og frå publikum, seier ho.

Vant tre grammas

Førre veke vant Veronica Maggio tre grammas for årets komponist og årets tekstforfattar saman med Christian Walz og årets pop. For ho var det kult, stort og nesten litt sjokkerande.

– Kvifor valde du å syngje på morsmålet ditt i staden for på engelsk?

– Eg haldt på med mange ulike engelske prosjekt og skreiv veldig dårlege poptekstar på engelsk. Så møtte eg ein mann Stefan Gräslund som eg gjorde fyrste plata med. Han skreiv på svensk, og eg byrja å synge hans songar. Med det oppdaga eg kor kult det var å synge på svensk, og då byrja eg å skrive songar på svensk sjølv, fortel Maggio.

Trivast godt på landevegen

Maggio har ikkje noko i mot å køyre rundt i buss. Ho kom frå Skien til Sogndal, før turen gjekk vidare til Volda.

For Maggio er det å bu i buss under turneen som å hamne i ei boble – i ei eiga verd.

– Eg likar at når ein søv om natta, så dukkar ein opp på ein ny stad kvar morgon. Det einaste er at det er litt vanskeleg å sove på bussen, men elles er det triveleg å vere saman med alle dei andre på bussen, fortel ho.