- Eg hadde ikkje vorte overraska om nokon sa det, fordi eg veit framleis ikkje namnet på nokon av dei, seier ho.
VIP-gjester
Anita og mannen Frode driv overnattingsverksemda Futegarden i Balestrand, ei turistbygd der ein er vant med besøk av tilreisande frå heile verda. Men førespurnaden dei fekk frå ein russar for ei tid tilbake var likevel heilt utanom det vanlege. - Vi fekk beskjed om at det var 12 russarar som var VIP, seier ho.
Ville ha fin transport...
I neste telefon frå reisefølgjet var det spørsmål om hotellet hadde transport. Og då dei fekk vite at hotellet hadde ein Mercedes, vart dei fornøgd. Ein halv time etterpå kom det ein telefon med spørsmål om kva for ein Mercedes hotellet hadde. Og då hotellet svarte at dei hadde ein 600, var det greitt.
...og hotellet for seg sjølv
Kort tid etter kom neste telefon. Her vart det kravd at dei 12 VIP gjestene skulle få ha den 870 kvadratmeter store overnattingsstaden for seg sjølv. Anita Nyland Høyvik svarte ja på det også, og fann ut at dei andre gjestene fekk dei finne anna overnatting til.
Og sist måndag hadde Anita fått tømt hotellet, og kunne i ein bil som var førehandsgodkjent, plukke opp dresskledde menn og kraftig sminka damer på kaia i Balestrand og køyre dei til Futegarden.
Veit ikkje kven som var der
Utpå kvelden tok Anita mot til seg og spurde den som var best i engelsk kven dei eigentleg var. Som svar fekk ho at dei var ein gruppe direktørar. Dette var det nærmaste ho kom i å spore opp kven det var ho hadde besøk av sist veke. Ho veit ikkje nokon namn, berre kva for eit reiseselskap som booka inn. Så tankane hennar går mot at det er mafiaen som har vore på besøk.
Hotellet vil ikkje ut med kva dei tente på det mystiske besøket.