Hopp til innhold

Mafia-sikta sogning nektar for Økokrim sine skuldingar

Ein sogning nektar for å ha delteke i organisert og ulovleg jakt med spesialtrena hundar. Økokrim har sikta han og tre andre etter den såkalla «mafia-paragrafen»

Økokrim

STOR SAK: Økokrim meiner at fire menn i 30-åra står saman om ulovleg jakt med hund.

Foto: Erik Johansen / Scanpix

Det var sist fredag det blei kjend at fire menn i 30-åra er varetektsfengsla etter det Økokrim meiner er alvorlege brot på dyrevelferdslova, hundelova og viltlova.

Ifølgje VG sine opplysningar skal er dei mistenkte for å ha brukt framavla hundar til å ta livet av dyr. I andre tilfelle skal hundane ha jaga dyra og jegerane drepe dyra med kniv.

Den eine av dei fire mennene er busett i Sogn, og blei pågripen heime i ein samordna aksjon mellom ulike politidistrikt i Norge. Han innrømmer kjennskap til saka, men vedgår på ingen måte å ha delteke i ulovleg jakt.

Nektar for organisert jakt

Min klient kjenner seg ikkje igjen i den siktinga som er presentert for han. Han har erkjent eit mindre forhold som ikkje skulle kvalifisere til fengselsstraff og i verste fall ei bot. Han ønskjer at Økokrim skal gjere alt for å kunne sjekke han ut av hovudsaka som høyrer til på Austlandet, seier forsvarar Arvid Mellingen.

Mellingen fortel at hans klient har sagt han har ei heilt perifer rolle slik han ser det, og at han har ikkje på noko vis vore med på det som hovudmennene er sikta for.

Arvid Mellingen

FORSVARAR: Arvid Mellingen representerer den sikta sogningen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Trur mannen slepp fri

Sogningen, og tre andre menn, blei fengsla i to veker av Eiker, Modum og Sigdal tingrett 4. desember i år. I samråd med Økokrim, nektar tingretten å gje ut nokon opplysningar om fengslinga. Forsvarar Mellingen trur hans klient slepp fri att komande fredag.

– Så langt har ikkje vi fått noko signal om at ein ønskjer å forlenge fengslinga. Eg tenker at det ville vere heilt uforholdsmessig å fengsle min klient vidare gjennom jula. Det ville vere heilt i strid med det som eg tenkjer er forsvarleg og rimeleg i ei slik sak, slår Mellingen fast.

– Har kasta lys over saka

Den ulovlege jakta med dei spesialtrena hundane skal ha skjedd i Østfold og Buskerud. Kva rolle sogningen i 30-åra har hatt, ønskjer ikkje politiet å seie noko om.

– Ein ting er at min klient har prøvd å kaste lys over saka så godt som mogleg slik han kjenner den frå si side. Han vil kome vidare med dette og bli ferdig med ei sak han synest er veldig kjedeleg å vere involvert i, seier Mellingen.