Hopp til innhold

Mads Wie er klar for gamleklubben

Fotballspelaren Mads Wie forlèt Stryn til fordel for gamleklubben Sandane. Wie som med 31 mål var suveren toppskårar i Kretsligaen blir dermed å finne i den blå trøya til Sandane neste sesong, melder STIL på si heimeside. Wie fekk tidlegare i haust ei Fair Play utmerking frå fotballkrinsen. Bakgrunnen var at han med vilje bomma på ein straffe Stryn hadde fått etter ein dommarfeil

Mads Wie
Foto: Stig Høynes