Hopp til innhold

Må vurdere framtida til teateret

Teatersjefen stiller spørsmål om det er rom for eit profesjonelt teater i Sogn og Fjordane, eller om dei no berre må satse på komediar for å trekke publikum. Tysdag var det berre fem personar som kjøpte billett i Årdal.

Terje Lyngstad
Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Publikum har svikta oss på dette stykket, det synst eg. Og då tek eg utgangspunkt i første turneframsyning i Årdal der det berre var fem betalande som møtte opp. Det var grådig skuffande, seier teatersjef ved Sogn og Fjordane teater, Terje Lyngstad.

Stykket Norge.Nett.no som turnarar i fylket, handlar om eit talkshow som tek pulsen på nettopp Norge akkurat no.

Må vurdere framtida

Besøkstala har ikkje vore noko å skryta av. På urpremieren i stykket Norge.nett.no i Førde var 125 i salen, 46 besøkande i Sogndal, 48 i Askvoll og Florø 66.

– Er det greie tal?

– Det bur jo ein del folk i desse kommunane. Eg syns ikkje det er eit godt besøkstal. Eg har tenkt litt meir på om det i det heile er rom for eit profesjonelt teater i eit fylke som Sogn og Fjordane når vi har besøkstal på denne type stykke på det nivået her, seier teatersjefen.

Lyngstad skildrar teateret som ein slags nasjonal institusjon. Dei får eit tilskotsbrev ifrå staten med pengar som seier at dei skal gjere det same som alle andre gjer.

– Men når det kjem så lite folk på dei stykka som vi blir bedne om å gjere, så bør kanskje spørsmålet stillast om ein skal definerast på nytt som teater.

Ikkje store nok

Kyrre Eikås Ottersen som Mensen Ernst

FÅ I PUBLIKUM: Berre 1060 personar såg stykket om Mensen Ernst då det gjekk på teateret i fjor.

Foto: Pressefoto

Sogn og Fjordane har 23 faste spelestadar i fylket med eigne lokale arrangørar.

Desse stadane er Askvoll, Aurland, Balestrand, Brekke, Dale, Florø, Førde, Hornindal, Hyllestad, Høyanger, Kalvåg/Bremanger, Lærdal, Måløy, Nordfjordeid, Sandane, Skjolden, Sogndal, Solund/Hardbakke, Stryn, Svelgen, Vik, Åheim og Årdal.

I fjor hadde teateret 21 500 besøkande. Blant anna stykket om Mensen Ernst blei sett av berre 1060 personar.

– Er SoFt i fare?

– Vi er ein profesjonell institusjon som driv veldig godt, vi får gode kritikkar og det er heilt i orden, men eg stille spørsmål ved om fylket slik som vi er i struktur er stort nok for det tilbodet.

Eit komedieteater

Lyngstad lurer på folk i fylket er litt annleis og at ein difor trenger noko anna.

– Om eg skal tenkje høgt og kanskje litt flåsete, så burde vi kanskje heitt Sogn og Fjordane komedieteater og berre kome med rein skjer underhaldning.
Men det er ikkje det teateret er sett til å gjere. Dei skal drive med teater som skal ta opp stykke med anna type tematikk og drive med nyskaping og fornying, forklarar Lyngstad.

Han stiller spørsmålet om teateret skal gjere det same som Nasjonalteateret, Den nasjonale scene og Det norske teateret, eller skal regionteateret ha ein annan funksjon?

– Vi er no inne i ein overordna strategiprosess ved teateret der vi skal leggje fram ein strategi, men dette tenkjer eg ligg på eit høgare politisk nivå, seier han.

Konsekvensen av dei låge besøkstala er at teateret må sjå på kor mange turnestader dei besøker og kva slags turnestader dei besøker.

– Vi må òg vere mykje tydlegare overfor stadane og arrangørane og sei at vi har ei forventing om at det er eit visst grunnlag med folk som både er interesserte i teater som kunstform og det stykke vi kjem med til ei kvar tid, seier Lyngstad.

– Vi skal ut med «Kjærleikens ferjereiser» til hausten. Der jobbar vi no med turneruta og ser på besøket på liknande stykke. Då er det dei stadene som har hatt best besøk, som heilt klart vil vinne fram for å få den framsyninga.

Revyar trekkjer folk

Derimot om ein ser på besøkstala til lokale revyar er besøkstala noko heilt anna. Då er det som regel fulle hus.

– Kva skjer nå teateret kjem på besøk?

– Det er urettferdig å samanlikne eit profesjonelt teater med ungdomslag, der publikumet kjem med heilt andre motiv, som det å sjå slekt og vener på scena. Vi har nok ikkje den identiteten, men om vi konkurrerer med Riksteateret så ser vi at vi har vel så godt besøk. Og gjerne meir på enkelte stader.

Teatersjefen seier at dersom målet var å få mest mogleg publikum, må ein kanskje gå inn å tenkje om tida er moden for å tenkje litt annleis om kva slags oppgåver ein får som regionteater.

Konkurranse frå nettet

– Statistisk sett så har vi eit litt eldre publikum, men i tillegg er vi så få. Det trur eg er den store bøygen her. I ein større by, så vil alltid mange nok folk komme, slik at ein kan forsvare det å setje opp smalare stykke, seier Lyngstad.

Han legg heller ikkje skjul på at det dei siste åra har oppstått ein ny konkurrent i form av sosiale medium, nettspelarar og anna nettbasert underhaldning.

– No håpar jo eg at det som har skjedd kan føre til at vi kan vere ein motkultur og at ein på sikt kan sjå at dette er meir ekte vare med her og no-teater.