Hopp til innhold

Fembarnsfamilien mista vegen sin - vil ikkje flytte frå dalen

I eitt år har fembarnsfamilien Heggen/Otterdal vore utan vegsamband etter orkanen «Dagmar». Trass i tungvint kvardag er dei ikkje inne på tanken om å flytte.

Eit utdrag frå Folk-dokumentaren "Etter Dagmar". Vi treffe familien Otterdal som har mista vegen til bygda si etter at orkanen Dagmar vaske den vekk. Heile dokumentaren kan sjåast på NRK1 den 27.desember 2012 klokka 19:45.

Familien Otterdal som har mista vegen til bygda si etter at orkanen «Dagmar» vaske den vekk. (Foto/redigering: Ole André Rekkedal / Arne Stubhaug)

Då orkanen «Dagmar» gjorde julereint ved Hornindalsvatnet i romjula, forsvann 1,7 kilometer av vegen mellom Grodås og Otterdal i Hornindal kommune. Det var starten på eit liv i ekstrem planlegging for ekteparet Thore Heggen og Reidunn Otterdal og deira fem born.

– Jula i fjor var uverkeleg. Det gjekk nokre veker og månader med skikkeleg mageverk og indre uro over korleis vi skulle få til alt, seier Otterdal.

Den vesle grenda Otterdal med 13 fastbuande, ligg knappe fire kilometer vest for Grodås, som er kommunesenter i Hornindal.

Fylkesveg 664 som knytte grenda til Grodås, ligg som ein glisen tanngard langs Hornindalsvatnet etter orkanen «Dagmar» sine herjingar.

Flytta heim for å halde garden ved like

Reidunn Otterdal er oppvaksen i Otterdal, og det var nettopp barndomsgarden som var eitt av trekkplastera då familien flytta heim.

– Då vi flytta heim var det for mellom anna å kunne halde garden ved like, seier Otterdal.

Reidun Otterdal

VIL BU: Reidunn Otterdal er klar på at ho vil bu og oppdra borna sine på verdas vakraste plass, Otterdalen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Garden er ein av dei eldste i Hornindal, og kyrkjeteljingane syner at det budde folk på garden så lang tilbake som på 1600-talet, men det er grunn til å tru at det har vore busetnad der langt lengre.

Sidan har ungane komme som perler på ei snor, og med besteforeldra i same tun, er det kort veg til godt selskap og god hjelp.

Kort veg har det også vore til skule og barnehage og jobb på Grodås og Thores jobb i Stryn. Fire kilometer er inga sak når ein har både bil og veg.

Sat i mørket i romjula

Men då dei kom heim frå juleferie på Nordfjordeid i romjula i fjor, mangla dei plutseleg begge. For den eine bilen stod parkert heime på garden, noko som var lite til nytte sidan det rett og slett ikkje var nokon veg å køyre på.

Det var starten på året der familien Heggen/Otterdal til fulle skulle få erfare at mennesket er tilpassingsdyktig. Nesten til det ekstreme.

– Det var ei veldig spesiell romjul i fjor. Vi sat i mørket og åt grovbrødskiver. Samtidig var det mykje farting og uvisse, minnest Otterdal.

Midt oppi alt hagla det med journalistar. TV2 kom med sine folk i båt. NRK kom med helikopter.

Familien måtte få på plass straumaggregat for å få eit snev av straum i heimen. I telefonen mangla summetonen i dagevis.

(Artikkelen held fram under biletet)

Otterdalsvegen

VASKA VEKK: Fylkesveg 644 mellom Grodås og Otterdal vart vaska vekk under romjulsorkanen Dagmar.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Starta 2012 med ei veldig uvisse

– Det vart ikkje noko julefeiring. Alt handla om det praktiske, rett og slett få ting til å gå rundt, seier Otterdal.

Då sjokket hadde lagt seg, gjekk det meir og meir opp for familien kor langvarig situasjonen kom til å bli. For fembarnsmora auka otta for kvar dag som gjekk av jula. Korleis skulle fem born komme seg til skule og barnehage? Og foreldra på jobb?

Ei stund var det fleire spørsmål enn svar, og ekteparet innrømmer at dei klødde seg litt i hovudet over korleis utfordringane skulle la seg løyse.

– Det var ei fæl uvisse. Kva har vi komme opp i, kva skjer, når skjer det, korleis skal vi få kvardagen til å fungere, seier Otterdal.

Men det er ofte når det ser som mørkast ut at det dukkar opp ei løysing ut av det blå. Båtførar Jon Nesdal stilte opp morgon og ettermiddag for å hente otredølene til eller frå skule og jobb.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video d9ec739d-16e8-44b4-aae4-e6b328e779f9.jpg

UTAN VEG: Otterdalen står utan veg etter herjingane i romjula.

Gjekk frå båt til flytting

Overlevingsdrakt vart ein del av kvardagen, og medan minusgradene beit i kjakane, vart dei skyssa over den djupaste innsjøen i Europa i rekordfart.

– Det gjekk seg til, og vi tykte i grunn det fungerte, seier Otterdal.

Den 21 fot store, opne RIB-båten gjorde nytten som skuleskyss og arbeidsrute, iallfall nokre dagar. Men så vart det klart at fylkeskommunen meinte at RIB-båten var for utrygg til å nytte til skuleskyss. Då var gode råd dyre.

– Vi fekk i grunn beskjed om at vi måtte flytte, eventuelt ta borna ut av skulen og undervise dei sjølve. Det siste var heilt uaktuelt sidan vi begge var i jobb. Og å flytte er jo ikkje berre-berre, seier Heggen.

I to-tre veker i januar budde den vesle familien i sentrum i ei leilegheit medan det vart snudd steinar både her og der for å finne ei meir permanent løysing.
Men så fekk fylkeskommunen på plass ein skyssbåt som skal gå i rute over Hornindalsvatnet.

Henta bilane ut på flåte

Dermed var nomadelivet tilsynelatande over for familien.
I samband med påkravd skyssbåtkai, tilbaud sjøkaptein Eilif Harbitz-Rasmussen seg å fløyte dei innestengde bilane i Otterdal til Grodås.

Med ein provisorisk flåte, laga av to flytebryggjer, fløyta han tre bilar ut frå Otterdal. Det var ei lette for familien Heggen/Otterdal som ei stund hadde lurt på om dei måtte kjøpe seg ein ny bil for å klare kvardagen.

Men sjølv med skyssbåt, var avgrensingane større enn moglegheitene. For båten går éin gong om morgonen og éin gong om ettermiddagen.

I tillegg går han tre ekstra turar i løpet av veka, men dei må avtalast med foreldra til Reidun og eit anna par som bur i grenda, og så må alt samkøyrast.

Det betyr at ein ofte må vente på nokon slik at alle kan dra nytte av den planlagde båtskyssen. Med fem aktive born må det prioriterast, nokre gonger hardt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Slik berga dei bilane ut frå Otterdal

LØYSINGSORIENTERT: Sjøkaptein Eilif Harbitz-Rasmussen fann løysinga på dei innestengde bilane i Otterdal.

Foto: Eilif Harbitz-Rasmussen/Fly by Night AS

Kan ikkje bli med på alt

– Det er klart det blir nokre diskusjonar innimellom. Borna er aktive og med på ein del. Dei må få delta på kulturskule og ha omgang med venner. Men det krev mykje planlegging, seier Otterdal.

Til dømes er det ikkje så lett når dei eldste har lyst til å bli med på diskotek, og båten går heim etter arbeidsslutt.

– Igjen er det planlegging som må til. Og velvilje frå andre. Til dømes går det an å overnatte hjå ein kamerat innimellom, seier Otterdal.

Alle gutane er involverte i fotball, men det er ikkje alt dei har fått med seg.

– Det er både treningar og kampar dei har måtta droppe. Ein må rett og slett velje kva som går, og kva som ikkje går, seier Otterdal.
Sommarstid har endåtil dei eldste teke beina fatt langs den øydelagde vegen.

– Det let seg gjere både å gå og å sykle, for fire kilometer er overkommeleg. Men det er litt tungvint, seier Otterdal.

Heldt konfirmasjon heime i mai

Men familien Otterdal/Heggen er eksempelet på at vegløyse og motløyse ikkje nødvendigvis følgjer kvarandre. Trass i tungvint framkomst, tromma dei saman til konfirmasjon på heimgarden i mai då eldstemann feira sin store dag.

Endåtil oldebesta på over 90 år, som lurte på om ho kom til å klare å klatre ned i skyssbåten, kom seg fram. Det kjem ikkje så mykje an på korleis ein har det, som korleis ein tek det.

– Ein får til det meste berre ein legg godviljen til. Og planlegg, skyt Otterdal til.

– Ja, det hjelper liksom ikkje å ha lagt att bilnøklane heime ein morgon, ler Heggen.

Største børa har vore uvissa om det skulle komme veg eller ikkje. Den politiske dragkampen om kva som skulle skje med vegen til Otterdal starta tidleg.

Nokon argumenterte for veg, andre ønskte seg ein tunnel, noko som ville ha vore kjærkomme for vegstubben som er rekna som ein av dei mest rasutsette i Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gjekk til konfirmasjon

SPREKE: Einskilde av konfirmasjonsgjestane valde å ta beina fatt og rusle langt Hornindalsvatnet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Skal ha veg i slutten av 2013

Både pris og tidsaspekt vart vurdert. Fylkeskommunen landa til slutt på å erstatte den gamle vegen. Går alt etter planen har Otterdal veg på plass om eitt år.

– No er eitt år omme, då er det berre eitt att. Vi må klare det, seier Otterdal.

– Det er godt å ha noko konkret å halde seg til. No veit vi at dei tek til med arbeidet i mai, og at vi truleg har veg om eitt år. Då kan vi innstille oss på det, og det kjennest godt, seier Heggen.

– Og ein dag kjem vi kanskje til å sjå tilbake på dette som noko litt eksotisk. Men eg trur det må gå litt tid, seier Otterdal med eit glimt i auga.