Må vente med hevingsforsøk

Politiet må framleis vente i fleire dagar på å få undersøkt og heva bilen som vart teken av eit ras på sørsida av Jølstravatnet under uveret for to veker sidan. Det skriv Firda. Sist torsdag vart det meldt om eit funn av ein metallgjenstand som kan vere bilen til den sakna mannen. Men selskapet som har leita etter den sakna mannen og bilen med sonar og miniubåt, seier at det minst vil ta 14 dagar frå funnet til at det er god nok sikt i vatnet til at dei kan gå ned og undersøke gjenstanden.

Søk med miniubåt i Jølster
Foto: Bård Siem / NRK