NRK Meny
Normal

Ventar i spenning på om dei får lov til å bruke 5,5 milliardar

FØRDE (NRK): Banktoppane skjenkar kvarandre kaffi og ventar spent på kva Konkurransetilsynet vil seie til at Nordea vil kjøpe Gjensidige Bank for 5,5 milliardar.

Gjensidige bank skjenker kaffi

VENTEKAFFI: Børre Sten Gundersen i Nordea skjenkar kaffi til Tor Egil Nedrebø i Gjensidige. No må dei begge vente på kva Konkurransetilsynet seier til oppkjøpet.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Stemninga på kontoret til Gjensidige Bank i Førde er spent. For kort tid sidan fekk dei tilsette og resten av Noreg vite at bankkjempa Nordea har planar om å kjøpe banken til Gjensidige.

Banken blei i si tid starta i Førde i 2006 og har i dag 53 tilsette i eit anonymt bygg på industriområdet Øyrane.

Kva konsekvensar oppkjøpet vil ha å seie for dei tilsette er eit tema som blir hengande i lufta. Først må dei uansett vente på kva staten meiner.

– Per i dag veit vi ikkje noko om det, seier sjefen til dei 53 tilsette, Tor Egil Nedrebø.

Sjølv om Nedrebø trur at oppkjøpet kjem til å få konsekvensar for kontoret i Førde, vil han ikkje spekulere i korleis dette vil skje. Han seier også at kompetansen dei har i Førde bør takast omsyn til.

– Det som er fakta er at vi har bygd opp veldig bra kompetanse her, som eg reknar med vil bli tatt omsyn til i den vidare prosessen. Til dømes har vi i Førde det beste kundesenteret for bank i Noreg, hevdar Nedrebø.

I tillegg til kundesenteret arbeider dei tilsette i Førde mellom anna i ei kredittavdeling og ei depotavdeling for bustadlån. I tillegg er det nokre tilsette som arbeider med IT og marknad.

Har allereie kontor på mindre stadar

Ifølgje Børre Sten Gundersen, administrerande direktør for eigedomskreditt i Nordea, er det å ha større kontor på fleire stadar i landet noko dei nye eigarane til Gjensidige Bank allereie gjer.

– Vi har fleire store regionale senter, til dømes i Ålesund i Kristiansand. Desse er både kundesenter som betener kundar over heile landet per telefon, og fyller også såkalla back-office-funksjonar. Dette er ein modell som vi har hatt lenge, og som har fungert bra for oss, seier Gundersen.

Skiftar namn neste år

Gundersen seier at dei no vil sende søknad til Konkurransetilsynet i løpet av dei neste dagane for å få oppkjøpet godkjent. Før denne godkjenninga er på plass vil han ikkje seie så mykje om dei vidare planane for Gjensidige Bank.

– Akkurat i denne situasjonen, før vi har fått godkjenning, er vi forhindra frå å seie så mykje om dei framtidige planane. Etter vi har fått godkjenninga vil vi setje oss ned med dei tilsette i Gjensidige Bank for å diskutere korleis vi tenker dette framover, seier han.

Dersom oppkjøpet blir er godkjent, vil kundar og data overførast til Nordea første kvartal neste år.

Vegopning på Bergum i Førde kommune