Hopp til innhold

Må vente årevis på neste toppløpar

Det kan gå mange år til Sogn og Fjordane igjen produserer toppløpar på seniornivå i langrenn.

Martin Hegrenes og Arthur Hegrenes i smørjeteltet under ski-NM på Voss.

I SMØRJETELTET: Martin Hegrenes (t.v.) er førebudd på nokre tøffe år etter overgangen frå juniorklassen til senior. Pappa og krinslagstrenar Arthur Hegrenes er oppteken av at løparane må vere tolmodige om dei vil nå langt.

Foto: Rune Fossum / NRK

Fleire langrennsløparar står no klare til å ta spranget opp frå juniorklassa, men mange opplever det siste steget opp i norgeseliten som svært tøff.

Martin Hegrenes enda på 74. plass i sin aller første NM-start for seniorar . Han er budd på fleire år med hard trening før han er i norgestoppen.

– Eg er no eigentleg bra nøgd. 74 er ikkje heilt gale, men det er eit stykke fram. Ein lyt prøve å gå fortare med åra, seier Førde-guten.

Slutt i prologen

Det er berre eitt år sidan Hegrenes kjempa i toppen i juniorklassa. Under fredagens 15 kilometer på Voss, vart han det mange vil kalle for listefyll.

Og det er ikkje til å stikke under ein stol at løparane frå Sogn og Fjordane presterer langt svaker i NM-samanheng enn dei gjorde for berre fem-seks år sidan.

Under fredagens sprint måtte både Hegrenes og Sindre Hoff sjå seg slått ut i prologen.

– Du må tenkje langsiktig og kan ikkje bli alt for nedtrykt om dei kjem litt ned på lista. Du må berre gå på med ferskt mot for kvar gong, seier Arthur Hegrenes.

Krinsen satsar nytt

Odd-Bjørn Hjelmeset i Holmenkollen

VETERAN: Odd-Bjørn Hjelmeset har i mange år vore den desidert beste langrennsløparen frå fylket.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Han er trenar for skikrinsen. No set dei ekstra søkjelys på overgangen frå junior til senior. Mellom tiltaka som skal hjelpe fleire løparar opp på seniornivå, er eit satsingslag for krinsløparar.

Dette laget har fram mot sesongen hatt fleire samlingsdøgn enn nokon gong. Krinsen håpar å sjå satsinga berre frukter om fire-fem år.

– Når du ser gjengen som Martin gjekk saman med på juniornivå, så er det ikkje så mange att på resultatlistene. Det er litt dumt, men heng saman med at dersom du skal vere med her så krev det mykje tid, seier Hegrenes.

Stor overgang

Roger Aa Djupvik meiner satsinga er rette vegen å gå, sjølv om det vil gå mange år til den neste toppløparen frå fylket står for tur.

Roger Aa Djupvik

BEST: Roger Aa Djupvik vart best av dei lokale løparane med 12. plass under opningsdagen av ski-NM på Voss.

Foto: Rune Fossum / NRK

Han har sjølv opplevd å gå VM for juniorar, for deretter å møte den tøffe kvardagen på seniornivå.

– Du går frå å vere vand med å kjempe i toppen på kvar teinaste skirenn, og så må ein finne seg i at det er mange framfor ein på resultatlista. Men det handlar om dei berømte orda om å vere tolmodig, som ikkje alltid like lett å halde seg til, seier han.

Motivert Hegrenes

Midten av 2000-talet var ein stor opptur for skikrinsen i fylket, med mange toppresultat og fleire medaljar. Odd-Bjørn Hjelmeset var fast på landslaget og løparar som Aa Djupvik og André Haugsbø var å finne høvesvis høgt oppe på resultatlistene.

Martin Hegrenes

OK DEBUT: Martin Hegrenes gjekk sin aller første NM-distanse for seniorar, då han i konkurranse med 104 løparar vart nummer 74 på 15 kilometer fri teknikk.

Foto: Rune Fossum / NRK

No er det tynt i rekkjene. Aa Djupvik har meldt overgang til Lillehammer , medan Haugsbø har trappa ned. Det har også ein aldrande Hjelmeset gjort.

Sjølv er Martin Hegrenes motivert for all treninga som skal til.

– Eg vil tru at alt er mogleg, berre du gjer dei rette tinga. Målet er i alle fall å vere betre enn 74 i eitt NM, seier han.