NRK Meny
Normal

Friidrettsforbundet: Deltakarar på Skåla Opp kan ikkje bli uttekne til VM eller EM

Norges Friidrettsforbund presiserer at løparar som deltek på Skåla Opp ikkje kan bli uttekne til EM eller VM i motbakkeløp, fordi løpet ikkje er arrangert av ein klubb tilslutta Friidrettsforbundet.

Thorbjørn Ludvigsen raskaste nordmann i Skåla Opp

FULLTEIKNA: Over 1500 løparar er påmelde til årets Skåla Opp. Her er Thorbjørn Ludvigsen under eit tidlegare løp.

Foto: Jan Erik Sandbakk

– Vi presiserer at utøvarar som skal bli tekne ut til internasjonale meisterskapar berre må delta i løp som er arrangert innanfor norsk idrett, seier visepresident i Norges Friidrettsforbund, Tore Hordnes.

Det betyr med reine ord at løparar som er aktuelle for EM og VM i motbakkeløp ikkje kan springe årets Skåla Opp, dersom dei skal ha håp om å bli tekne ut til desse meisterskapane.

Kan ikkje doptestast

Tidlegare har Loen Idrettslag vore medarrangør av Skåla Opp. Dette gjekk arrangøren vekk frå i år, og dermed er ikkje Skåla Opp underlagt IAAF og Norges Idrettsforbund sitt konkurranse- og dopingregelverk. Skåla Opp vert i år arrangert av Loen Active og Alexandra Hotell.

Medan Anti Doping Norge fritt og umeldt kan dukke opp på arrangementet og teste utøvarar i konkurranseklassane i løp som er underlagt desse regelverka, kan dei ikkje gjere det i årets Skåla Opp. Anti Doping Norge er eit frittståande kontrollorgan, og bestemmer sjølve når og viss dei dukkar opp på eit arrangement for å kontrollere utøvarar.

– Viss ein vel å delta i Skåla Opp i 2014, så vil ein ikkje kunne bli teken ut i meisterskap i motbakkeløp seinare i år, seier Hordnes.

Han grunngir dette slik:

– Dette handlar om at arrangement som er innanfor norsk idrett er underlagt både konkurranse- og dopingreglement som vi kan stå inne for. Skåla Opp har valt å arrangere dette utanfor norsk idrett. Dei har tidlegare hatt eit samarbeid med Loen Idrettslag, men det har dei avslutta. Dette er eit reint kommersielt og privat arrangement, og dermed gjeld ikkje korkje NFIF sine konkurransereglar eller dopingreglementet, seier Hordnes.

Meiner dei har prøvd å få til dialog

Dermed må dei beste løparane, som kan vere aktuelle for EM eller VM, velje om dei vil starte Skåla Opp og droppe meisterskapane, eller omvendt.

– Førebels er det berre i Skåla Opp dette har vore eit tema, når det gjeld motbakkeløp, seier Hordnes.

Han hevdar at det har vore gjort forsøk på å drøfte problematikken, utan at ein har lukkast.

– Vi har over lang tid prøvd å få til ein god dialog med Skåla Opp, men dei har nekta å møte oss, og då må vi gå til denne type tiltak, seier Hordnes.

Hordnes seier dei har forsøkt å få til eit møte i Loen med arrangøren for å fortelje dei om konsekvensane.

– Det forsøkte vi tidlegare i vår, men dei ville ikkje stille på møtet. Vi har ikkje fått forklart dei kva konsekvensar dette får, så dette heng jo i hop, seier Hordnes.

Kallar tiltaket drastisk

Han legg ikkje skjul på at spesielt det at løpet ikkje er underlagt dopingreglementet, er ei hovudårsak til varselet.

– Skåla Opp har store pengepremiar, og det er ein konkurranseklasse der det har vore internasjonal deltaking i mange år. Når dei er utanfor norsk idrett, så er dei heller ikkje underlagt dopingreglementet, seier Hordnes.

– Det betyr at de fryktar at store pengepremiar kan freiste folk til å dope seg for å komme først til toppen?

– Det er vel ei kjent sak at det har freista mange. Det har også tidlegare år vore spekulasjonar om slikt, seier Hordnes.

Han legg ikkje skjul på at dette er eit drastisk tiltak frå NFIF si side.

– Dette er noko av det mest alvorlege verkemiddelet norsk idrett og norsk friidrett kan setje i verk, seier Hordnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skåla Opp

POPULÆRT: Skåla Opp er rekna som eitt av dei mest spektakulære motbakkeløpa i Norge.

Foto: Silje Gudda/NRK

Meiner dei ikkje får noko att

Erik Brendefur i Skåla Opp meiner dette dreier seg om at forbundet vil tvinge arrangøren til å betale mellom 70.000 og 80.000 kroner i lisens, noko dei meiner dei ikkje får noko att for. Det vil ikkje Skåla Opp vere med på.

– Dei tvingar alle arrangørar til å innføre startlisens, noko som ville ha ført til at alle deltakarar, både i mosjons- og konkurranseklassen, ville måtte betale 20–50 kroner. Vi tykkjer det er litt rått å bli tvinga på ein lisens, utan å få noko tilbake att, seier Brendefur.

– Dessverre må alle idrettslag som har aktive løparar, godta dette. Men vi er framleis imot startlisensen, seier Brendefur.

Hordnes peikar på at Norges Friidrettsforbund i mars 2013 vedtok å innføre lisens for alle konkurransar i Norges Friidrettsforbund frå 1.1.2014, samtidig som ein avvikla ordninga om startavgift på arrangement utanfor bane.

Inntektene frå lisensen skal gå til å styrke aktivitetstilbodet i norsk friidrett på alle nivå. I tillegg vil samtlige mosjonsløp vere ansvarsforsikra, samt at deltakarar og funksjonærar er forsikra både når det gjeld idrettsskadar og uhell eller ulykker.

Arrangørane vil også vere ansvarsforsikra i høve skade overfor tredjepart, dersom det skulle oppstå noko slikt i samband med arrangementet.

Kjem på toppen av kontingenten

Brendefur peikar på at dette ikkje er pengar som går i kassa til Skåla Opp.

– Vi har ikkje gjort noko, men vi har fått beskjed om at vi skal leggje på våre startkontingentar for at Friidrettsforbundet skal få den summen. Dette kjem jo på toppen av vår kontingent, seier Brendefur.

Når det gjeld doping, peikar Brendefur på at dei fleire gonger har bedd Norges Friidrettsforbund om kontrollar.

– Vi har tidlegare hatt dopingkontrollar på Skåla Opp, men då måtte vi betale heile kostnaden sjølv. Vi har seinare kontakta forbundet for å få kontrollar, men har fått beskjed om at dei bestemmer det. Vi har oppmoda dei om å komme hit, men har ikkje fått noko respons på det, seier Brendefur.

Hordnes understrekar at dette ikkje er noko forbundet har noko med, då Anti Doping Norge er eit frittståande organ som sjølve bestemmer når, og viss, dei dukkar opp på eit arrangement for å kontrollere utøvarar.

– Men ifølgje Hordnes kan ikkje utøvarane testast for doping når arrangementet er utanfor norsk idrett?

– Vi kan velje å arrangere det som eit bedriftsidrettsarrangement, og då er vi innanfor norsk idrett, seier Brendefur.

Har ikkje høyrt noko sidan 16. mai

Hordnes på si side erkjenner at usemje om lisensen har vore nemnt.

– Det har versert ei sak rundt lisens her, men eg kan ikkje stadfeste det 100 prosent. Dei har ikkje ville møte oss, og då er det vanskeleg å få fakta på bordet, seier Hordnes.

Brendefur har ikkje heilt same syn på saka.

– Det har vore litt dialog att og fram. Vi trudde eigentleg saka var avgjort, og vi har ikkje høyrt noko sidan 16. mai. Men vi visste at dei kunne nekte løparar å stille på Skåla Opp viss dei ville, seier Brendefur.

– For meg verkar det som om dei ikkje har forstått alvoret i denne saka, seier Hordnes.

Trur ikkje mange droppar Skåla Opp

Han understrekar at ingenting er skrive i stein, og dersom Loen Idrettslag skulle komme inn att som medarrangør, vil forbundet endre varselet sitt.

– Vi er positive og vi ønskjer alle arrangørar velkomne innan norsk idrett. Vi ønskjer også ein god dialog. Viss dei ønskjer å kontakte oss for å komme i dialog, så er vi opne for det. Det er ingen dører som er permanent lukka, seier Hordnes.

Brendefur på si side er ikkje redd for at dette fører til at fleire av dei profilerte løparane, som Thorbjørn Thorsen Ludvigsen, May Britt Buer og Kirsten Marathon Melkevik no droppar Skåla Opp.

– Dette gjeld berre eit fåtal løparar, og det er berre snakk om deltakarar som er aktuelle for VM i haust. EM vert arrangert før Skåla Opp. Dette må bli opp til den einskilde løparen sjølv, seier Brendefur.

Han trur likevel nokon vil velje Skåla Opp framfor VM.

– Eg trur kanskje dei vil velje det, framfor å vere med i eit VM der dei ikkje har same moglegheit til å vinne. Vi tek imot alle som vil vere med, seier Brendefur.

NRK har ikkje lukkast med å komme i kontakt med EM- og VM-aktuelle løparar.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.