Må utsette avtrekk

Eit hol i lasteskipet «Heiko» gjer at bergingsfirmaet ikkje har fått trekt skipet av grunn. Natt til førre torsdag gjekk båten på grunn utanfor Askvoll, samstundes som det braut ut brann om bord. Ingen av mannskapet på fire kom alvorleg til skade. – Det har kome vatn inn i båten og då må vi gjera ytterlegare tiltak før det er forsvarleg å trekke båten til land, seier Jan Willy Holbu, som er vaktleiar i Kystverket.

Utbrent båt utanfor Askvoll etter båtbrann under stormen, 19.09.18
Foto: Aleksander Åsnes / NRK