Blir kravd for fleire hundre tusen etter dødeleg vasstopp

Sjøaure og ål måtte bøte med livet då Riseelva ved ein feil blei tørrlagt i fleire timar. No blir fiskeoppdrettar kravd for 400.000 kroner.

Daud fisk og ål i Riseelva.

MED DØDEN TIL FØLGE: Riseelva i Svelgen blei tørrlagt. Tilbake låg daude fiskar.

Foto: Politiet

– Vi ser svært alvorleg på brot på krav om slepp av minstevassføring. Av omsyn til livet i elva skal det alltid bli sleppt tilstrekkeleg med vatn, seier Mari Hegg Gundersen, som er seksjonssjef for NVE sitt miljøtilsyn for vassdragsanlegg.

I 2017 blei Riseelva i Svelgen nærast tømt for vatn. Elva er rekna som lakseførande vassdrag og vart tørrlagd i eit par timar. Tilbake i den tørre elva låg daud ål, sjøaure og anna fisk.

NVE var klare på at dei såg alvorleg på saka. No har dei gjeve eit lovbrotsgebyr til Steinvik Fiskefarm AS i Bremanger kommune på fleire hundre tusen kroner, for brot på minstevassføring og tørrlegging av elva.

– Slepp av minstevassføring er ein avgjerande føresetnad for å få løyve til å bruke vatnet frå Riseelva til settefiskanlegget, seier Gundersen.

Dødeleg tørrlegging

Oppdrettsselskapet fekk løyve frå NVE til vassuttak og regulering av Risevatnet til landbasert oppdrett av fisk i mars 2017. NVE la vekt på at Risevassdraget er viktig for blant anna laksefisk og ål, og sette eit krav til minstevassføring. Eit halvt år etter skjedde tørrlegginga.

Oppdrettsselskapet kan klage inn avgjerda til Olje- og energidepartementet.

Steinvik Fiskefarm vil ikkje kommentere saka til NRK.

Tørrlagd Riseelv i Svelgen.

SVELGEN: Slik såg det ut i 2017 då Riseelva blei tørrlagt.

Foto: Politiet