Revetispa må avlivast om ho ikkje roar seg

Den tamme reven som har gjort til at fleire har stoppa på veg til og frå Sognefjellet må truleg avlivast om ho ikkje roar seg. Reven har allereie bite to personar.

Reven i Luster

TAM: Bilete av reven er teke i februar. Allereie då var reven å sjå på vegen.

Foto: Einar Fortun

– No har veterinæren vore å sett på reven. Det er ei tispe som truleg har kvalpar. Vi kan difor ikkje avlive ho med ein gong, seier Einar Fortun, som er fjelloppsyn innleigd av Luster Kommune.

Reven som har blitt eit vanleg syn på vegen eit stykke nedanfor Turtagrø i Luster vert karakterisert som tam og i overkant glad i menneske.

Fredag beit reven i gamasjen til Fortun og skal i tillegg ha bite ein anna person i armen. No vert det vurdert om reven må avlivast.

Kvalpane først

– Dersom ho roar seg ned, kan vi og ta det med ro, men om det ikkje skjer må noko gjerast, seier Fortun.

Men reven kan ikkje skytast før dei finn hiet. Om det vert bestemt at tispa skal avlivast, må dei først ta kvalpane.

Vi bør ikkje skyte mora frå ungane med mindre det vert naudsynt og reven bit fleire personar. Om mora vert avliva først, risikerer vi at kvalpane vert pint i hel, då er det betre å finne dei og gjere det på ein meir human måte, seier Fortun.

Reven i Luster

FARLEG: Einar Fortun oppmodar folk til å halde seg unna den tamme reven.

Foto: Einar Fortun

– Hadde det vore ein hannrev, hadde vi avliva han med ein gong. Folk skal ikkje vere redde for å bli bitne, seier Fortun.

Farleg revebit

For å bli bite av rev kan vere farleg. I tenna er det mykje bakteriar og eit bit vil føre til betennelse. Om ein vert biten av rev må ein oppsøke lege med ein gong.

– Mi oppfordring er å halde avstand til reven og helst berre oversjå den.

Måndag skal kommunen og viltforvaltninga diskutere kva som skal skje med reven.

– Vi må prøve å unngå at fleire vert bitne. Ho sit midt i vegen, og flyttar seg ikkje, så det er fleire som må stoppe og gå ut til ho. Det er jo fort gjort at ho kan bli påkøyrd og, seier Fortun.