Hopp til innhold

Fannemel står over normalbakken – trenar på hotellet

Når konkurrentane kjempar om siger og verdscuppoeng i normalbakken i Kuopio i kveld, trenar Anders Fannemel på hotellet.

Anders Fannemel

STÅR OVER: Anders Fannemel står over dagens verdscuprenn i normalbakken.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Honndølen står over dagens renn i normalbakken grunna strekken han fekk i kneet i Lahti sist helg.

– Eg kjenner det når eg går, og dette er ein skade som helst treng tre-fire dagar på å bli betre før eg kan belaste kneet for mykje, seier Anders Fannemel til NRK.

– Ei rett avgjerd

Når NRK snakkar med han på telefon er Fannemel i ferd med å gjere seg klar til treningsøkta på hotellet.

Han tok sjølv avgjerda med å stå over rennet.

Alexander Stöckl

RETT: Landslagssjef Alexander Stöckl meiner avgjerda til Anders Fannemel var rett.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Han har framleis smerter i kneet og eg tykkjer det er ei rett avgjerd av han å seie nei. Det er ikkje lurt å hoppe dersom ein kjenner seg usikker, seier landslagssjef Alexander Stöckl til NRK.

Klar til Granåsen

Fannemel fortel at det er den største sena, patella, som går rett under kneskåla som er strekt.

– Eg vil ikkje risikere noko, men reknar med å vere nærare 100 prosent til Granåsen på torsdag, seier han og fortel at han i verdscupen fokuserer på å halde fjerdeplassen i samandraget.

– Då går det fint å stå over eitt av seks renn. Skulle eg blitt nummer ti i dag, så gir det berre 20 poeng. Og då er spørsmålet kva som er best, å ta 20 poeng i dag eller å gå for endå betre hopp dei fem siste renna, seier han.

Håpar på Planica

Han reknar det som lite truleg å kunne gå heilt til topps i samandraget. Det er 200 poeng opp til leiande Peter Prevc (Slovenia). Austerrikske Stefan Kraft og Severin Freund frå Tyskland følgjer på dei neste plassane.

Anders Fannemel reiser til Granåsen med sine 1118 poeng.

– Freund, Kraft og Prevc har vore veldig gode i vinter og er vanskelege å gjere noko med. Eigentleg trudde eg ikkje at eg ville vere topp fem før sesongen, seier han og avsluttar:

– Men skiflygingscupen kan eg framleis vinne om eg gjer det bra i Planica. Det er der eg håpar å vere med å kjempe om samanlagdsigeren, seier han.