Hopp til innhold

Må tre år i fengsel for seksuelle overgrep

Ein nordfjording må tre år i fengsel for å ha utført seksuelle handlingar på ei kvinne som sov og var rusa.

Sogn og Fjordane tingrett

MÅ I FENGSEL: Nordfjordingen har tidlegare vore dømd for seksuelt krenkande handlingar, no må han i fengsel i tre år.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannen i 60-åra vart i Sogn og Fjordane tingrett dømd til tre år i fengsel utan vilkår for valdtekta og for to tilfelle av seksuelt krenkande åtferd.

– Min klient er skuffa og langt nede. Han står fast på at han ikkje har gjort noko gale, så han anka heile dommen på staden. Så er det opp til lagmannsretten om dei vil sleppe den gjennom nålauget, seier forsvarar Arild Fuglesang Standal.

100.000 i erstatning

Det var i februar 2018 at nordfjordingen ifølgje rettsavgjerda skal ha tatt føre seg kvinna, trass i at ho var ute av stand til å setje seg imot mannen. Kvinna var rusa og hadde sovna, då han drog ned buksa og trusa hennar og gjorde handlingar likestilt med seksuell omgang.

For det må mannen betale kvinna 100.000 kroner i erstatning. Synnøve Berg Svarstad, kvinna sin advokat, meiner retten har gjort ei grundig og rett vurdering.

– For eit kvart overgrepsoffer er det stor verdi i å bli trudd av retten, seier Svarstad.

– Kva tenkjer de om at avgjerda blir anka?

– Slike saker er belastande for fornærma, og det vil også ei ny runde vere. Men vi håpar på same utfall dersom saka når gjennom i lagmannsretten.

Seksuelle krenkingar

Nordfjordingen er tidlegare dømd for seksuell omgang med barn under 16 år.

– Det viser at tiltalte manglar den sperra ein bør ha for slike seksuelle krenkingar, vert det skriven i dommen.

Eit halvt år etter valdtekta i fjor skal mannen ha krenka ein heimesjukepleiar i arbeid med seksuell og uanstendig åtferd.

Det gjorde han også ein månad seinare, til ei anna kvinne via telefon. Samtala utvikla seg til å bli full av skjellsord og grove seksuelle og krenkande utsegner.

Mannen skal ha vore rusa ved alle hendingane, men retten vurderer han som edru då han krenka heimesjukepleiaren og kvinna i telefonen.