Hopp til innhold

Må tilsetje fleire

Til sommaren skal nyoppstarta Saint Jean Industries starte levering av hjul til tyske Audi.

Fundo

Saint Jean Industries har mål om å levere mellom 10.000 og 15.000 hjul til Audi før året er omme.

Foto: NRK

Målet er å levere mellom 10 000 og 15 000 hjul før året er omme.

Det betyr at fabrikksjef Ståle Thorbjørnsen har starta jakta på tilsette, skriv Bergens Tidende.

- Vi treng ein person som kan arbeide med kvalitetssikring, og deretter åtte eller ni operatørar i produksjonen, seier fabrikksjefen til avisa.

Ståle Thorbjørnsen

Fabrikksjef Ståle Thorbjørnsen

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Vart hardt råka

Høyanger vart hardt råka då felgfabrikken Fundo gjekk konkurs i februar 2009. Heile 300 tilsette miste jobben.

Franske Saint Jean Industries vidareførar no utvikling og produksjon av todelte aluminiumshjul ved anlegget.

LES OGSÅ: Fundo konkurs

LES OGSÅ: Ny felgproduksjon i Høyanger

Vil satse i Høyanger

- Det er liten tvil om at dei ønskjer å satse på dette, seier Thorbjørnsen.

LES OGSÅ: Saint Jean kjøper gamle Fundo

Han var sjølv besøkte hovudanlegget til selskapet i desember.

- Dei manglar erfaring med konstruksjon og produksjon av felgar, og det er her vi passar inn.