NRK Meny
Normal

Må svare politiet for manglande søvn

Ein førar er meld til politiet etter ein trafikkontroll ved Håbakken i Lærdal.

Håbakken kontrollstasjon

KONTROLL: Statens vegvesen har stor kontrollaktivet på vegane for tida. Ved Håbakken i Lærdal vart ein førar meld for brot på køyre- og kviletida.

Foto: Rune Fossum / NRK

Føraren hadde tre tilfelle av manglande pause i køyringa og hadde heller ikkje hatt pålagt vekekvil.

– Han hadde køyrt ni etterfølgande døgn, der det maksimale er seks. I tillegg for å bli meld vart han pålagt minst 45 timar kvile på staden, opplyser Gunnar Brevik.

Siste: Den utanlandske sjåføren godtok fredag eit førelegg på 10.000 kroner.

Godt utrusta

Eit vogntog fekk i same kontrollen køyreforbod på grunn av feil på ABS-bremsesystemet, medan eit fekk bruksforbod og pålagt avlasting grunna overlast.

Under ein kontroll ved Førde trafikkstasjon fekk to køyretøy bruksforbod og måtte betale gebyr på grunn av overlast. Begge måtte laste av på kontrollplass.

– Eitt køyretøy fekk bruksforbod på grunn av mangelfull sikring av last, og ein førar fekk åtvaring på grunn av brot på bestemmingane om køyre- og kviletid, seier Geir Leon Hetle og opplyser at det derimot var bra med dekk- og kjettingutrustning på dei kontrollerte.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå