NRK Meny
Normal

Kvinne må møte i retten etter å ha køyrt på skulegut

Kvinna i 60-åra køyrde på guten som kryssa vegen framfor bussen. No må ho møte i tingretten.

Ulukke Moskog

PÅKØYRSLE: Ein ung gut vart moderat skadd i ulukka ved Movika i Førde i oktober i fjor. No må kvinna som førte bilen møte i retten.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Både kvinna og bussen var på veg nordover på E39 då ulukka skjedde i fjor haust.

Ifølgje tiltalen mot kvinna sprang guten ut i vegen framfor bussen. Kvinna som kom bak køyrde på guten. Han vart moderat skadd.

– Vi meiner kvinna ikkje heldt tilstrekkeleg låg fart då ho passerte bussen, seier aktor Ragnhild Gram Skår ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Fekk brotskadar

Kvinna er tiltalt for brot på både vegtrafikklova §31 og trafikkreglane når ho tysdag 25. mars møter i Fjordane tingrett.

Gram Skår seier ein skal halde liten fart og om nødvendigvis stogge om ein passerer ei sporvogn eller buss som har stogga, eller som er i ferd med å stogge ved ein haldeplass.

Guten vart send til Haukeland universitetssjukehus med to brot i venstre legg og brot i overarm/skulder.

– Vi meiner det er grunnlag for å ta ut tiltale, og så er det opp til retten å vurdere ansvarsforholdet, seier Gram Skår.

Ynskjer lågare fart

Det er 70-sone på staden, men foreldre har gjennom FAU teke opp at dei ynskjer 50-sone.

Førarkortet vart beslaglagt ein periode. Om kvinne blir funnen skuldig er strafferamma i saka bot eller fengsel i inntil eitt år.

Forsvarar Erik Slotterøy ynskjer ikkje å kommentere saka.

Vegopning på Bergum i Førde kommune