NRK Meny
Normal

Tenåring i retten for lang rekkje overgrepsbilete

På datamaskina til tenåringen fann politiet nær 1 600 bilete og filmar med born i seksuelle handlingar.

Tysdag møtte nordfjordingen i Fjordane tingrett. Han var tiltalt for brot på straffelovas paragraf 204, «for å ha vore i eige av, skaffa eller planmessig å ha gjort seg kjend med framstilling av seksuelle overgrep mot born eller framstilling som seksualiserer born».

- Han erkjende straffeskuld i retten. Han har psykiske lidingar, og nedlastinga er tvangshandlingar som følgje av dette og ikkje ei pedofil legning, seier forsvarar Per Kjetil Stautland.

Per Kjetil Stautland

FORSVARAR: Per Kjetil Stautland forsvara mannen som i Fjordane tingrett vedgjekk at han hadde lasta ned overgrepsbilete.

Foto: Tone Lin Støfring

Saka byrja å rulle i mars i fjor då amerikanske Federal Bureau of Investigation (FBI) kontakta Kripos. Dei fann spor om aktivitet frå ei norsk IP-adresse på eit forum der overgrepsbilete og filmar av born vart distribuerte.

Omfattande materiale

Etterforskinga leia norsk politi til tenåringen si maskin. Der fann dei 21 bilete og 61 filmar, som framstiller born i seksuelle situasjonar med vaksne, born i seksuelle poseringar og born som utfører seksuelle handlingar med seg sjølv.

Politiet fann også kring 1 500 animerte bilete og filmar som førestilte born i seksuelle situasjonar.

Saka har gått i Fjordane tingrett i tre dagar, og strafferamma er på fengsel i inntil tre år. Aktor la ned påstand om fem månadar vilkårsbunde fengsel, under vilkår av ungdomsoppfølging.

Det er Statsadvokatane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane som har teke ut sikting i saka.