Hopp til innhold

Må svare for ein kvart million overgrepsbilete

Politiet meiner nordfjordingen frå 2004 til 2014 jamleg mottok, lagra og delte bilete og videoar av seksuelle overgrep mot born.

Sogn og Fjordane tingrett
Foto: Oddleif Løset / NRK

For andre gang må mannen møte i Sogn og Fjordane tingrett. Då saka var oppe i juni vart saka avslutta under prosedyren grunna usemje kring omfanget på beslaget.

– Vi måtte halde fram saka, så det blir ny hovudforhandling, seier politiadvokat Sissel Kleiven.

Varsla av Interpol

NRK omtala saka før saka etter planen skulle opp i november i fjor. Då vart saka utsett til i sommar. Dette er tredje gang at saka blir beramma.

Mannen vart pågripen i oktober 2014 og sat då åtte veker varetektsfengsla. Kripos vart varsla av Interpol i England om at nordmannen var aktiv i deling av overgrepsbilete av born.

På maskina til mannen fann politiet 230.000 overgrepsbilete og 670 filmar. Nordfjordingen nektar straffskuld.

– Han nektar ikkje for det politiet har funne på maskina hans, men han nektar for at det har vore ei bevisst handling, seier mannen sin tredje forsvarar, Geir Michael Enberg Jesinsky.

Risikerer fengsel

Jesinsky ynskjer ikkje å prosedere saka i media, men seier klienten hans ser fram til å bli ferdig med saka.

Strafferamma i saka er fengsel i inntil tre år, men det er uvisst kva påstand politiadvokat Kleiven vil leggje ned.

– Vanlegvis blir slikt straffa med ei lengre ubetinga fengselsstraff, har Kleiven tidlegare sagt til NRK.