Hopp til innhold

Må stengje veg for å berge mobilkran

Ingen personar vart skadde då ein mobilkran på 65 tonn velta utfor vegen like vest for Lavik i natt.

Lavik

Uhellet skjedde like over midnatt, på fylkesveg 607 som går mellom Lavik og Flekke. Det skal ikkje ha oppstått trafikale problem som følgje av uhellet.

Årsaka til uhellet er førebels ukjend, men det er ikkje mistanke om køyring i rusa tilstand.

– Vegen vil bli stengd når dei skal få mobilkranen opp på vegen att, men det er førebels ikkje sikkert når dette skjer, seier operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

To fulle menn

Elles har det vore ei roleg natt på politifronten. I tillegg til promillekontrollar i Vik, Førde og Sogndal, tok politiet hand om ein rusa mann i Eid i 0130-tida. Vedkommande vart køyrd heim til eigen bustad.

Ein time seinare vart ein rusa mann i 20-åra køyrt heim frå sentrum i Florø. Han fekk pålegg om å halde seg heime resten av natta.