NRK Meny
Normal

Må stenge fylkesveg på grunn av fare for ras

Det har rasa fleire steinar ut i vegbana på den utsette vegen mellom Årdal og Fodnes. Auka rasfare gjer at Vegvesenet stenger vegen.

Fylkesveg 53 mellom Årdalstangen og Fodnes

MÅ HA VAKTHALD: Statens vegvesen har no vakthald ved Finnsåstunnelen i Årdal kommune.

Foto: Bjørn Indrebø / Statens vegvesen

Frå klokka 17 fredag ettermiddag vert fylkesveg 53 stengd ved Finnsåstunnelen. Berre naudetatane slepp forbi den rasutsette strekninga på hovudvegen inn til Årdal.

– Det er større fare for ras når vi har mildvêr. Høgare temperaturar gjer at steinar har losna frå fjellsida, seier Bjørn Indrebø i Statens vegvesen.

Vegen har vore råka av fleire ras den siste tida. Etter det store raset i januar var hovudvegen for dei vel 5000 innbyggjarane i Årdal stengd i ti døgn samanhengande.

Fram til vegen stengjer fredag ettermiddag har Vegvesenet vaktar ståande ved Finnsåstunnelen.

– Vi har vakthald ved rasområdet. Vakta slepp ein og ein bil forbi i opningstidene fram til vi stenger, seier Indrebø.

Laster Twitter-innhold

Geolog skal vurdere rasfaren på laurdag

Laurdag morgon klokka 08 skal ein geolog undersøke fjellsida. Håpet er vegen kan opne att då, seier Indrebø.

– Det er meldt lågare temperaturar frå laurdag av, då er det mindre fare for at det vil rase.

Statens vegvesen jobbar med å rassikre vegen. Vegstenginga får ikkje konsekvensar for dette arbeidet.

– Dei jobbar ikkje i rasområdet no, men førebur seg til å få på plass den permanente sikringa, så dette vil ikkje få konsekvensar, seier Indrebø.

Området ligg inne i Vegvesenet sin rassikringsplan. Eit nytt nett vil hindre at ein vil måtte stenge vegen like ofte.

– Når vi får opp den permanente sikringa, så vil den stogge denne typen steinar.

Vegopning på Bergum i Førde kommune